tirsdag, februar 26, 2013

Økologiske bekjenningar/erkjenningar 2: økologiske kjensler.


Vi er avhengige av naturen ikring oss, vi er ein del av den, men vi forstår den ikkje fullt ut. Vi må difor være audmjuke ovanfor naturen. Det er økologisk bevisstheit.

Diktet som avslutta førre post uttrykker for meg kjensla av å sjå og få svar frå naturen: frå noko som ikkje er menneske, men som ein deler verda med.

Dette kan jo lett høyrast veldig mystisk ut, men det meinar eg ikkje. Med ei økologisk bevisstheit meinar eg det å erkjenne
- at ein er ein del av eit økologisk nettverk
- at vi er avhengige av dette nettverket for vår overlevnad
- at vi ikkje forstår fullt ut korleis det vil slå ut når vi endrar dette nettverket
- at ein difor må ha ei audmjukheit ovanfor naturen ikring oss

Biologiske system blir ofte kalla komplekse system. Ulikskapen mellom eit komplisert system, som til dømes ein bilmotor, og eit komplekst system er at ein ikkje utan vidare kan forutsjå kva funksjon ei del har for resten av systemet. Forsvinn det ein art frå eit område er det vanskelig å føresjå konsekvensane. Dette opplever vi i stor skala med menneska sin dominans på jorda. Menneska må gjerne dominere på jorda etc etc. Eg trur ikkje at hjorten hadde gjort det så mykje bedre om den fikk bestemme, og vi veit alle kva gjæren kan finne på om den får frie tøylar.

Men mennesket med altså sin evne til å reflektere har moglegheita til å justere seg til eit bærekraftig samfunn der ein jobbar med sin økologiske kontekst.


Ingen kommentarer: