tirsdag, mars 09, 2010

Gilgamesh


Mi jakt på skikkelig gamle bøker leda meg til Babylon. Nei, det er ikkje snakk om gamle BoneyM-tekstar (sjølv om desse også er ein del av vår felles kulturelle skattekiste), men det episke diktet om Gilgamesh.

Gilgamesh-eposet omhandlar Gilgamesh, konge i Uruk ved Eufrat, og hans eventyr. Ein del går føre seg i fin Tolkien-stil, og ei og anna bibelsk referanse dukkar opp. Men desse tekstane er altså kanskje så gamle som 4000 (!) år. Kven inspirerte kven?

Syndefloden for eksempel, dukkar opp i svært lik tapping som ein seinare versjon.

Og i dette ligg det mest fascinerande for meg: å kunne lese tankar og forteljingar frå menneske som levde for 4000 år sidan - det er ei bru i tid som er vanskelig å førestille seg, men som likevel fyller meg med ei kjensle av menneskelig einskap og slektskap. Det er eit stort privilegium rett og slett.

Dessutan var den lett å lese, kort og til poenget, action-fyllt, med til og med litt sex. Så her skulle det ligge til rette for ein brei appell.

Problemet er jo at no er eg svolten etter noko enda eldre - ei lite produktiv kjensle etter å ha lest verdas eldste bok.

Anbefalast!

Ingen kommentarer: