tirsdag, mars 16, 2010

3. mosebok - I am the law!

Judge Dredd (i Sylvester Stallone sin skikkelse) har nett avretta eit snes forbryterar. Ein av dei overlevande spør med frykt i stemma "Isn't that against the law?". Judge Dredd svarar bestemt: "I am the law". Så enkelt kan det gjerast.

Men over til saka: 3. mosebok inneheld store delar av det som er kjent som moselovene. Moselovene har vorte skulda for mykje; for å vere gamaltestamentlige, for å vere inhumane, for å hisse til hemn, og ikkje minst for å vere umoglege å gjennomføre i praksis fordi dei er innbyrdes sjølvmotseiande. Tilhengarar har peika på at mange av lovene må sjåast på som velmeinte råd basert på livsvisdom tileigna gjennom slektene. Dette er nærliggande å tenke om til dømes lovene mot incest (incestforbodet er for øvrig eit av dei vanligaste tabuane ein finn att i menneskelige kulturar) og fleire lovene om ureinskap (ein visste ikkje kva infeksjonar og mikrobiologisk smitte var på denne tida, men det å vaske seg og halde litt avstand er jo kjent å hjelpe også i dag).

Når det er sagt har jo desse nyttige levereglane smitta over på ein del andre felt. Det er velkjent at å ligge med ein mann som ein ligg med ei kvinne er ein styggedom. Men kva med pikekos? Meir akseptert? Om det står det ingen ting. Eller var det slik at kvinner ikkje skulle lese bibelen (kvinner gir jo jamt over under halve erstatninga - 20 sekel mot 50 sekel) som menn når utløyste frå lovnadar). Men det er vel alt i alt litt barnslig å skulde mosebøkene for å vere up-to-date med Noreg 2010 på dette feltet.

Meir interessant er det at alle desse lovene seier noko om kva som vart sett på som viktig og mindre viktig i samfunnet på denne tida: kva er positivt, tabu, direkte syndig eller dygd. For eksempel står det mange stader at innvandrarar skal behandlast som andre "for de var sjølv innvandrarar ein gong", og at ein generelt skal ta vare på dei svake og fattige i samfunnet.

Så det er lysskjær også under lova.

Ingen kommentarer: