torsdag, mars 18, 2010

Bak hjernevasken

Etter å ha sett den svært interessante debatten om Hjernevask på NRK nettopp - ein debatt om vitskapsteori og metodologi, o'hygge! beit eg meg fast i noko som vart sagt av Cathrine Egeland og som eg også har tenkt på før: ei sentral strøymning i filosofien det 20. århundret er utfordringa av kva som reknast som sikker kunnskap.

Utover det 19. århundret bygde naturvitskapen seg opp ein veldig autoritet. Den vart av mange rekna som den gyldne vegen ikkje berre til sanning, men også til eit betre samfunn. Då første halvdel av det 20. århundre var over hadde naturvitskapen skuffa på begge desse forhåpningane. For det første viste det seg at teoriar stadig skifta også innan naturvitskapen, og at desse skifta var prega av maktkamp heller enn logik argumentasjon. Det andre var at fysikken hadde gitt oss atombomba. I tillegg hadde det gått litt over styr med biologiske forklaringar på rase, evner, intelligens og liknande i mange land på 30-talet. Det gav ein viss bismak.

Følgjelig byrja mange, både sosiologar, filosofar, men også vitskapsfolk, å sjå på grunnlaget for vitskapen og historia for vitskapen. Eit kjent namn er Thomas Kuhn og hans paradigmeskifte. Vitskapen stod i det heile fram meir menneskelig i dette lyset.

I tillegg vart slutninga trekt at sidan vitskapen forandrar seg heile tida, og gir stadig nye forklaringar på verda, og korleis vi skal forholde oss til den og til kvarandre, så er det språk og verdiar som ligg til grunn for korleis vi tolkar verda. Her svinga pendelen, og empiri om den ikkje-menneskelige verda vart i mange tilfelle diskvalifisert som grunnlag for kunnskap. Vidare vart vitskapen også sett som å oppretthalde ein viss forståing av mennesket og verda som var skadelig (sjå atombombe og rasehyigene) og måtte bekjempast.

Desse straumningane nådde eit høgdepunkt på slutten av 60-talet, byrjinga av 70-talet, og dei er klart til stades mange stader i akademia i dag. Cathrine Egeland gav uttrykk for ei slik meining i dagens debatt om hjernevask.

Denne føresetninga er ei filosofisk føresetning som ein kan vere einig eller ueinig i. Sjølv er eg ueinig. Det er ikkje noko grunn, slik eg ser det, til at kunnskap om språk og medmenneske skal vere noko meir ein gyllen veg til sanninga enn kunnskapen om resten av den materielle verda.

Utelet ein nokon av dei er vegen til dogmatisme kort.

(Twingly lenkje lenkje lenkje lenkje lenkje lenkje lenkje lenkje )

4 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig godt oppsummert. Mange av dem som deltar på sidelinjen av denne debatten i diverse fora etc., og aldri har satt sin fot i et universitet, går åpenbart glipp av disse sammenhengene. Det er greit å vite hvorfor forskerne i "Hjernevask" tenker som de gjør. Mange ser deres åpenbart svake logikk og nærmest manglende argumentasjon som et resultat av politisk styring. Sannsynligheten er stor for at post-strukturalistiske og vitenskapskritiske fagtradisjoner er den egentlig årsaken til mentaliteten de utviser.

Jeg har lenge ment at vi trenger å ta oppgjør med post modernismen. Den har bidratt til å legitimere en irrasjonalitet som er direkte samfunnsskadelig. Denne type tenkning brukes til og med for å legitimere kreasjonisme og andre ufunderte idéer som som oftest hører til på ytterste høyre fløy, stikk i strid med det opprinnelige politiske ståstedet til filosofene som skapte denne kritikken i utgangspunktet.

For å bli litt hegeliansk. Hvis positivismen fra 1800- og tidlig 1900-tall var tesen, var post modernismen antitesen. Nå er det på tyde at det springer en syntese ut av dette. Dessverre ser debatten ut til å ende opp mer polarisert enn noen gang.

k.west sa...

Hei hei, takk for det.

Politisk styring eller ikkje - ein del av desse strøymningane kom jo som ein respons på alvorlige utfordringar og nye både historiske og antropologiske innsikter, som nevnt i innlegget. Dei har gitt oss mange gode innspel og eg er sjølv einig i mykje både hjå Foceault og andre. Men denne hegelianske tanken du har den har også streifa meg. Og pendelen har jo også vitterlig svinga litt sidan 60/70-talet.

Når det er sagt er jo forskarar ei brokat forsamling, og vårt største problem er jo kanskje rett og slett at vi ikkje snakkar så mykje saman. Eg las dette blog-innlegget i dag, og vart som molekylærbiolog og halvstudert filosof ganske overraska over mangfoldet kringom i fagmiljøa:
http://benedicte-go.blogspot.com/2010/03/hjernevask-men-med-stikk-motsatt.html#comment-form

k.west sa...

Her var den korrekte lenkja:
http://benedicte-go.blogspot.com/2010/03/hjernevask-men-med-stikk-motsatt.html

Anonym sa...

(Samme anonym som i sted. Orker ikke å registrere meg.)

Jada. Det var en nødvendig kritikk, og jeg ser ikke helt enøyd på dette. Faktisk regnet jeg meg selv som foucaultianer i mange år, men da jeg forlot Blindern var det akkurat som om hodet mitt klarnet litt gradvis fordi jeg plutselig fikk så mange andre impulser som kom i konflikt med det som var ansett som god tone på H/F.
Jeg har i ettertid lest mye om biologi fordi fysisk trening for meg er blitt vesentlig både i jobb og fritid. Denne kontakten med "den andre siden" har gitt meg et mer positivt syn på hva naturvitenskap kan bidra med av forståelse. På et eller annet punkt ble det for ensidig å se alt i lys av maktstrategier. På den annen side ser jeg også at naturviterne ofte er fullstendig blinde for svakhetene ved vitenskap, og overhodet ikke kjenner til perspektivene til dem som har formulert den viktigste kritikken mot dem.

Vi burde definitivt snakke mer sammen ja.