mandag, juni 09, 2008

Eit lite tilbakeblikk.

Våren 2008 kan ikkje seiast å vere den mest aktive på blogfronten for K. West. Vi må innrømme at redaksjonen har vore oppteken på andre frontar. Vi skuldar difor lesarane ei forklaring på dette forsvinningsnummeret.




Som den oppvakte lesar kanskje har fått med seg, jobbar store delar av redaksjonen innan det fagfeltet som kallast molekylærbiologi, ved Molekylærbiologisk Institutt ved Universitetet i Bergen. På vår forskingsgruppe jobbar vi nærare bestemt med molekykærbiologi knytt til kreftutvikling og terapi.

Kreft har sitt utspring i endringer i kroppen sine celler, som gjer at somme celler byrjar å vekse ukontrollert. Kroppen består av milliardar celler, som alle har sin rolle for at organisma skal fungere godt, og akkurat som at alle musklar, ledd og organ må vere nøye innstilt for at ein skal fungere normalt, må alle celler innrette seg for at kroppen skal fungere. Kreftcellene sluttar å innrette seg etter dei andre cellene, og dermed vert det trøbbel.

Grunnen til at kreftceller ikkje føl ordre er fordi det skjer endringar i arvestoffet (DNA) i desse cellene. DNA er oppskrifta til ulike protein, og proteina er små "maskiner" som får hjula til å gå rundt i kvar celle. Proteina sørgar mellom anna for at cellene kan vekse. Feil i dei proteina som får cellene til å vekse, kan gjere at cellene veks for mykje. 

Problemet er at ein har over ein million proteinvariantar i menneskekroppen, som alle har ulike rollar, og deltar i ulike prosessar. Kva har med kreft å gjere, og kva har ikkje med kreft å gjere? Det er eit virvar, mildt sagt! 

Det vi gjer, er å finne nye proteintypar, og undersøke kva desse gjer. Kva prosessar er dei med i, kan dei påverke cellevekst, kva skjer når cella manglar desse proteina og så vidare. 

I vår har vi oppdaga eit nytt protein-kompleks (det vil seie ei gruppe protein som heng saman, og jobbar saman), som vi så har undersøkt og kartlagt. 

I forsking er det slik at om du held oppdagingane dine for deg sjølv, då kjem du ingen veg. Det store poenget er å kome fram til oppdagingar som ein kan publisere i eit internasjonalt forskingstidsskrift (Illustrert Vitenskap er ikkje mellom desse). Ein skriv då ein artikkel, der ein på ein noko kronglete og tørr engelsk freistar å framstille sine oppdagingar som viktige og betydningsfulle. Ein lagar figurar og bilete som underbyggjer oppdagingane, og ein drøftar kva desse oppdagingane har å seie for fagfeltet. Etter vekers slit og tenners gnissel har ein fått fine figurar, og eit bra manuskript, og ein finn  så eit passelig tidsskrift å sende det til. 

Det å velge tidsskrift er ein liten kunst i seg sjølv. Du har mange ulike tidsskrift, der Nature og Science vert reikna som dei beste. Dei vert reikna som dei beste fordi dei vert lesne av mange, og berre trykker funn som er banebrytande. Ein skal altså ha ei ganske fenomenal oppdaging for å kome inn her, og dei fleste vitskapsmenn/kvinner går livet gjennom utan å ha sjangse til å kome i nokon av desse tidsskrifta. 

Vår oppdaging var ikkje den største, og dessutan hadde vi litt dårlig tid: vi hadde konkurranse frå andre grupper som studerte det same. Om dei hadde publisert først, kunne vi eigentlig kaste hundrevis av arbeidstimar i vasken, samt at neste gong vi skal fortelle forksningsrådet kva vi har brukt pengane til, så har vi ikkje så mykje å vise til. Alt reiknast frå publikasjonar. Det var med andre ord om å gjere å få ut oppdaginga så fort som råd. Hadde vi hatt betre tid, kunne vi ha jobba meir med proteina, og laga ein betre artikkel.

Iallefall vart den sendt inn i byrjinga av april,  og den har sidan då gjennomgått ei grundig vurdering, der andre forskarar kikar kritisk kritisk på den, og vurderer om noko må forbetrast, eller om dette er så lite viktig at det er noko å trykke i det heile. Og det var det heldigvis.

Så no kan vi slappe av, og skrive blog-innlegg så blekket sprutar.

Ingen kommentarer: