mandag, juni 16, 2008

Biologi som utgangspunkt for likestilling - ei samvitsfull drøfting.

Tidligare på denne bloggen kommenterte eg det eg kalte biologisk determinisme hjå forskarar som argumenterte for at mor var den beste omsorgspersonen til barn basert på evolusjonsmessige argument. Etter å ha blitt kommentert i eit innlegg på bloggen Ars Eticha følte eg at dette var eit emne som krevde grundigare og meir samvitsfull drøfting.

Saka det henvisast til i Aftenposten er mannspanelet sitt forslag om å firedele fødselspermisjonen. I denne saka seier forskar i human adferdsøkologi Terje Bongard
"Kvinner er mer opptatt av barna sine enn menn. Sånn er vi selektert. Det har tatt mange hundre tusen år å utvikle følelseslivet vårt. Det går ikke an å skru det av med et politisk vedtak."

Biologien.
Forskar og førsteamenuensis Leif Edward Ottesen Kennair kommenterer forslaget til mannspanelet slik;
"Vi må i det minste spørre oss hva det går på bekostning av, når vi lager et oppdragelsesmiljø som avviker fra det arten vår har utviklet seg til"

Spørsmålet vert altså om menneska har genetiske ulikskapar mellom kjønna av ein slik art at det vil vere skadelig for avkommet å bryte med desse utvikla adferdsmønstera.

Kjønnlig ulikskap kallast i biologien for seksuell dimorfisme (1), og er svært vanlig. Også hjå menneske ser ein dette, både på kroppshøgd, hårvekst, kroppsfeitt med meir. Seksuell reproduksjon er ein problematiserande prosess i vidareføringa av genane. Ein organisme som formerar seg ved celledeling treng ikkje å bekymre seg over å måtte finne ein make, som så skal samarbeide. Evna til å klare nett dette vert ein viktig seleksjonsfaktor i høve til kven som får ført genane vidare i artar som reproduserar seg seksuelt. Dette vil gi ein seksuell seleksjon mellom individ med suksess, og individ utan suksess. 

Kva eigenskaper som selekterast er ulikt mellom kjønna. Generelt ser ein at den parten som skal bære fram avkommet, anten i form av egg, oppdraging eller liknande, er nøydde til å investere meir i avkommet enn den andre parten. Parental investering etablerar altså ein asymmetri mellom dei to foreldra. Hjå mange artar er det hoa som investerer mest i avkommet, inkludert mange av menneske sine næraste slektningar. 

Ein annan asymmetri oppstår i det reproduktive potensialet til kvart av kjønna. Den som er nøydd til å investere mest i avkommet, har følgjelig lavare reproduktivt potensiale (kan få færre ungar) enn den andre parten, der reproduktivt potensiale avgrensast av kor mange av det motsette kjønn den får para seg med. 

Konsekvensen av dette vert at den forelderen som må investere mest i avkommet vil vere selektiv og kresen for å skaffe det beste utgangspunktet for investeringa, medan den andre parten vil vere kompetetiv for å pare seg med flest mogleg. Ofte er det hannen som er den kompetetive, og hoa som er den kresne.

Så korleis kan ein overføre dette til mennesket? Ein har ulikskapar mellom kjønna, men studier av mekanismer og kausalitet har vore problematiske av fleire grunnar: 
- Kultur og biologi jobbar i samspel, og påverkar kvarandre - kultur påverkar seleksjon, og seleksjon påverkar kultur.
- Etiske implikasjonar hindrar ein å gjere studier på menneske som ein kan gjere på andre artar. Dei fleste studier på menneskelig adferd vert observasjonell, der ein kan sjå på korrelasjonar mellom variablar, men der det er vanskelig å halde noko konstant. 
Eit eksempel som visast til i den her nytta læreboka i evolusjonsbiologi er studier som er gjort på kroppshøgd og seksuell seleksjon. Dette er ein av dei tydeligaste seksuelle dimorfismene som observerast hjå mennesket, og ei studie viste ein liten, men signifikant, tendens til at kvinner foretrekk høge menn. Det skrivast følgelig:

"The studies we have reviewed are observational, and the associations they documented are small. As a result, the evidence they provide about causation is only suggestive"

Dette betyr ikkje at det finnast ein slik samanheng, men at ein ikkje har grunnlag, på det noverande tidspunktet, til å trekke konklusjonar. Vanskeligheita ligg i å måle reproduksjonssuksessen til menn i høve til kroppshøgd.

Når det ser ut til å vere så uavklart med eit trekk som er så pass enkelt å måle som høgd, tenkjer eg at det iallefall ikkje er noko lettare å trekke konklusjonar om kvinner sin reproduktive suksess i høve til omsorg om avkommet. Frå dette vil eg seie at ein ikkje kan trekke to strekar under svaret om at kvinner er betre omsorgspersonar enn menn.

Ovanfor nevnte Kennair ser ut til å vere einig i denne slutninga, at ein ikkje har tilstrekkelig med kunnskap innanfor dette området. I nettpraten med Kennair trekk eg at han meiner at i og med at ein nettopp har lite kunnskap om korleis barnet knyt seg til foreldrene, og at det moglegens kan ha store følger for utviklinga om ein omrokkerer desse rollene, så må ein vere føre var i høve til dette. Kennair er skeptisk til å føre inn endringar i oppseding i høve til kva forhold arten har utvikla seg i.

Eg er forsåvidt einig med Kennair i at meir forsking trengs. Det er vel ikkje så ukontroversielt. Kennair snakkar vidare om ammingssituasjonen spesifikt, noko som er ein relativt avgrensa situasjon i høve til den bredda debatten førast i. Det eg stiller meg undrande til er hans skepsis mot situasjonar som avvik frå det han beskriv som ein naturtilstand der barnet skal få ein type optimal stimulering. Om ein skulle vere føre-var mot det som avvik frå ein naturtilstand i den menneskelige utviklinga, hadde eg vel neppe site her og skrive innlegg. Det er no so, men eg kunne vel tenkt meg eit meir konkret forslag om korleis han ser føre seg at ein skal gå fram for å finne dette barnet sitt beste i høve til foreldresituasjonen. Korleis vert det med skilsmisser, aleinemødre, aleinefedre, eller foreldre som i varierande grad er skikka til å fostre opp ungar? Eg ser ikkje dei enkle og klare linene her.


Politikken.
Men det eg vidare synest er problematisk, er følgande: korleis vert det om ein lagar eit A-lag og eit B-lag av omsorgspersonar? Mange har trekt paralellar kvinnekampen, der kvinner si deltaking i samfunnet har vorte møtt med mellom anna biologiske argument. Frå den overståande drøftinga vil eg seie at det er grunn til å mistenke dei som slår biologien hardast i bordet for å nytte det som vikarierande argument. Eg siterar frå nettmøtet

"Terje Bongard og Leif Edward Ottesen Kennair setter ord på det mange mennesker tenker, men nesten ikke tør si om dagen. Som lekperson har jeg ikke kunnskap til å kunne forstå sammenhengen og forskjellen mellom den biologiske og evolusjonære utvikling hos kvinner og menn, og er takknemlig for forskernes bidrag til debatten. Kunnskap bør være grunnlaget for all politisk aktivitet. Jeg oppfordrer politikere til å sette seg grundig inn i ting før de lager politiske programmer. I motsatt fall er vi på ville veier"

Dette er eit relativt moderat utspel, men det er ein god illustrasjon på kva eg mistenker er fundamentet til mange som trekk inn biologien som rettferdiggjering for deira haldninger. Mange haldninger har ein verdikonservativ art, og ein vil sjølvsagt også tolke og forme verda utifrå sine haldninger. Slike haldninger har også vidareført kvinneundertrykking og anna, med trusselen om at går ein mot folkevettet så er ein på ville vegar. Eg skal ikkje legge det i munnen på den siterte ovanfor, anna enn at uttalelsen har eit verdikonservativt preg som blir normatitivt underkommunisert, og der ein hentar tyngde frå ei forsking ein ikkje forstår, men som ein er tilfreds med at bekreftar det "nesten ingen tør å seie". Dette er ikkje eit argument, men formidling av ei haldning; ein verdi.

Ei anna haldning som formidlast er følgande:
"Jeg er nok ikke en like god omsorgsperson som kjæresten min. Det er store forskjeller i hvordan vi takler ting, for eksempel når datteren vår slår seg. Jeg tar godt vare på henne, men tror likevel kvinner i bunn og grunn er bedre omsorgspersoner enn menn. Det har med biologi å gjøre"

Som mann må eg seie at eg føler dette er eit utsagn som gjer at eg føler meg diskriminert. Det gir mor klippekort til A-laget i omsorg, og reduserar meg til ein som kanskje kan vere til nytte når gutungen vert gammal nok til å gå på fjellet. Takk skal du faen meg ha. 

Då biologien er ein tvilsom størrelse i denne debatten, må ein kunne seie at mykje av debatten nettopp er ein debatt om haldningar. Og slik er mange mange debattar. Det å hyle om at barnet sitt beste vert ofra på likestillinga sitt alter er uredelig, og noko som framsetjast for å holde på det beståande. Likeeins er argumentet om politikerane sine "sosiale eksperiment".

Dette har med mannskamp å gjere; med kontroll over reproduksjonen, og fedre sin rett til det priviliegiet det er å vere fullverdige omsorgspersonar for sine barn.

Denne blogposten er også publisert på iNorden.

(1) Evolusjonsbiologi teke frå Freeman & Herron: Evolutionary Analysis, Third ed. Pearson Prentice Hall 2004.

Ingen kommentarer: