tirsdag, mars 04, 2008

Dagbladet sluker åtet.

Etter at Audun Lysbakken og Thorbjørn R. Isaksen hudfletta media si overfladiskheit i politikken, kan ein gjerne kjenne si besøkstid og påpeike visse likskapstrekk innan naturvitskapen.

I ein artikkel om Craig Venter skriv Dagblatet entusiastisk at Venter no er på veg til å kunne skreddersy mikroorganismer, og at desse skal kunne nyttast til det vi måtte finne det for godt til. 

Den anerkjente genetikaren (mi utheving) Venter har utmerka seg som ein visjonær figur med evne til å tenke "utanom boksen". Å tenke utanom det vanlige er ikkje å forakte, men visjonar er noko moderne vitskap er så fullt av, særlig knytt opp mot framstilling i offentligheita, at nøkternheit hadde vore eit kjærkome tilskot. Dagbladet kan vel knapt seiast å kome med noko tilskot i denne artikkelen.

Ei nøktern omskriving hadde vore at den kontroversielle genetikaren og forretningsmannen Craig Venter jobbar med moglegheita for å danne enkle mikroorganismer. Målet er i første rekke å få ei organisme som kan vere levedyktig, og i andre rekke å kunne tillegge denne visse eigenskapar som kan vere nyttige. Men dette er komplisert då vi enda har svært lite kunnskap om korleis sjølv dei aller enklaste organismer er sett saman.

Om Dagbladet lurer seg sjølv av uvitenheit, eller lurer leserane med hensyn til den gode historia vitast ikkje. 

5 kommentarer:

Jon Reidar sa...

Hei, det er riktig at Venter kan omtales som kontroversiell, men du kan nesten ikke ta fra ham det han har bidratt med.

Morsomt at du har klart å få Isaksen og Lysbakken inn i saken.

:)

Jon R. Hammerfjeld, Dagbladet.no

k.west sa...

Isaksen og Lysbakken må vel kunne seiast å vere meir eit retorisk triks.

Det er to poeng:
1. Venter har gjort store bidrag i genetikken. Det kan ein ikkje ta frå han nei. Global Ocean Sampling Expedition er jo ein genial ide, og både deira sekvensering av genomet på eiga hand, og det at dei no er ledande innan syntetisk biologi er imponerande. Det som er problematisk, og som ikkje berre gjeld Venter, er at bioteknologi er ein bransje som skaffar seg pengar gjennom å forespeile potensialet i sine prosjekt. Dette har gjort at denne bransjen i si korte historie allereie kan sjå tilbake på ein god del hypa prosjekt som ikkje har levd opp (stamcelle-forskning, gen-terapi, xenotransplantasjon mm.). Framstillinga av Venter sine miljøvennlige bakteriar føl same prinsippet. Det han konkret har gjort, er å klare å kopiere heile genomet til ein bakterie (og det er denne prestasjonen som er den vitskaplig imponerande, og som er publisert i siste Science). Dette er så sett inn i ein annan bakterie. Det er analogt med å kopiere eit katte-genom, og setje det inn i eit saude-egg. Han har altså ikkje sett saman eit nytt genom, slik eg tolka nyhende-teksten på Yahoo. For dette er nok målet, og det er enda eit stykke til ein har kunnskap nok om korleis dette gjerast.

2. Framstillinga er altså prega av ei viss lettheit - derav samanlikninga med Lysbakken/Isaksen. Etter ein halv time med research kunne eg finne moderasjonar og motforestillingar til teksten, riktig nok med ein master i molekylærbiologi som utdanning, men likevel... Artikkelen reflekterer ikkje dei kompliserte prosessane som slik forskning føl - ein støttar seg heller til enkle løysingar som fangar merksemda, noko som i andre rekke fører til eit forvrengd bilete av forskninga i offentligheita.

Så kritikken får vel delast likt mellom Venter, som hypar eige prosjekt, og Dagbladet (eller skal vi seie AFP/Yahoo?)som sluker retorikken.

Anonym sa...

Det er bare så jævlig tragisk å se løkene i Dagbladet fullstendig uten evne til å tenke.

Thermodynamikken's andre lov, gutter.

Vi har nå de siste årene hatt nok slangeoljetosker til at en person over tyve burde kunne ha snappet opp et lite perspektiv til energisituasjonen.

Thermisk Depolymerase (også kjent som "jeg er en idiot og nå skal jeg fortelle deg hvorfor"), oljeproduserende alger, og selvsagt klasikkeren sonoluminescence==kald fusjon!!!!11one.

Det er så trist, så trist å se at en avis velger å gå Se-og-Hør veien istedenfor bare å innse at dem duger ikke til å komme med noe vettugt.

Men for all del, la dem bare kjøre på med klipping og liming ifra Reuters og NTB - to uker etterpå.

Å lese Dobladet har blitt som å se at nyhetsoppleseren på dagsrevyen leser høyt fra ei avis.

Anonym sa...

Vil bare påpeke at Venter ikke prøver å lage organismer fra bunn av i det hele tatt. Det er nettopp det som er interessant med hans arbeid - han prøver å bygge organismer av allerede eksisterende enzymer, og programmere nye enzymer for så å sette de inn i allerede eksisterende organismer og bytte ut arvestoffet, i hvert fall noe sånt, hvis jeg har opfattet ham riktig.

k.west sa...

Det er heilt rett at Venter ikkje prøvar å lage organismer frå botnen av. Eg har vel oppfatta det slik som at han prøver å ta konseptet med sokalla genmodifiserte organismer litt vidare.