mandag, mars 03, 2008

Aristoteliske restar - Naturvitskapen sin teleologi etter renessansen.

Her er ein idé eg fekk til ei semesteroppgåve i filosofi.

Aristoteles hadde stor påverknad på naturfilosofien gjennom antikken og middelalderen med sin teleologiske årsaksmodell for endring. Etter renessansen vart kausalitetslova den einaste gyldige årsaksforklaringa innan det som etter kvart kallast naturvitskapen. Men har ein lukkast i å kaste av seg teleologien? I denne oppgåva vil eg sjå på skjæringa mellom Aristoteles’ teleologiske tenkning, og den omveltninga i naturvitskapen som skedde i renessansen, med hovudvekt på Descartes’ etablering av vitskaplig metode.

Innfallsvinkel:
Aristoteles hadde stor innflytelse på naturfilosofien, som seinare utvikla seg til det som er naturvitskapen. Han var oppteken av å forklare korleis endring skjer i verda ikring oss, og postulerte dei fire årsakene
1) formålsårsaka – det som ting skal tene til.
2) den bevirkande årsaka – kva som konkret fører til endringa.
3) den stofflige årsaka – eigenskapane, identiteten til stoffet involvert i endringa.
4) den formale årsaka – realiseringa av naturen til det medvirkande.

1) og 4) er årsaksprinsipp som er klart teleologiske. Til grunn for desse ligg tanken om at alle ting har ein trang til å finne sin plass innan eit større system, og til å realisere sitt potensiale innan dette systemet. Dei 4 årsakene vart toneangivande gjennom heile middelalderen, då dei vart tolka inn i eit kristent verdsbilete.

Ved renessansen vart derimot dei 4 årsakene erstatta med ei årsak, nemlig kausalitetslova. Ein kan seie at Aristoteles’ bevirkande årsak dekker kausalitetslova, og at den stofflige årsaka fell inn under kausalitetslova ved utvikling av teoriar om stoff si samansetjing.

Frå renessansen og til i dag må ein altså halde seg til kausalitetslova og den hypotetisk-deduktive metode ved utarbeiding av naturvitskaplige teoriar. Likevel er det ein og anna episode i den nyare vitskapshistoria som vitnar om at ein ikkje har klart å riste av seg Aristoteles si teleologiske årsakstenkning.

Eit av dei mest tydlige eksempela er den retninga innan biologien etter Darwin som kryssa den sterkaste sin rett med ein Hegeliansk tanke om historia sin teleologiske frammarsj – eugenetikken. Eit anna eksempel er den logiske positivismen. Begge desse eksempela er del av det ein kan kalle ei ideologisk overbygning i naturvitskapen, og ei drøfting av desse kan inkludere kva plass naturvitskapen skal ha i samfunnet (kva skal den tene til?).

Det eg derimot ønskjer å sjå på her, er trekk som ligg meir immanent i naturvitskapen sine føresetnader. Her kan det vere interessant å ta tak i vitskapen som eit fornuftig, logisk system. Å fremje ein ufornuftig vitskap fell mest på si eiga urimeligskap. Kausallova føreset logikk, og den hypotetisk-deduktive metode likeeins. Logikken kviler i seg sjølv, og vitskaplige arbeid må følgje denne.

Det å sjå på logikken som eit tilgrunnliggjande heile som ein ikkje stiller spørsmål ved, som noko teleologisk, gjer det mogleg å setje naturvitskapen i eit perspektiv som tydleggjer det naturvitskaplige prosjektet. Eg seier ikkje at det nødvendigvis er noko gale med at ein har med dette som ei årsak, men ein kan seie at det er ein metafysisk føresetnad. Slik vil eit naturvitskaplig prosjekt ligge i eit spenningsfelt mellom den teleologiske logikken, der naturlovene følgjast, og det at ein ikkje kan hevde ei evig sanning innan naturvitskap (altså at ein ikkje kan hevde ei tru på same måten som for eksempel i religion).

1 kommentar:

Anonym sa...

godt poeng, ganske enkelt