lørdag, februar 16, 2008

Ein trygg jobb i staten...

Somme tider vert det snakka om det harde arbeidslivet. Ideologiar har vorte tufta på forholdet arbeidstakar/arbeidsgivar osv. Eg skal innrømme at eg ikkje alltid har engasjert meg i nett dette, kanskje fordi eg nettopp ikkje har vore i arbeidslivet. Eg skal ikkje gjere meg nokre illusjonar om å påpeike noko nytt her, men allikevel er det ganske irriterande: den statlige arbeidsgivar - den lømmelen!

Sidan i sommar har eg tredd inn i lønnsmottakarens verden, og eg har sidan då vore vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen. Her har eg ei målsetjing om å søke om doktorgrad etter kvart. 

I forskningsmiljø er det allment akseptert at om ein skal drive forskning på eit internasjonalt nivå; om ein skal få ut artiklar; om ein skal kvalifisere seg til å få pengar frå forskningsrådet, så er 37,5 timar i veka for lite. Dette er så institusjonalisert at eg vart spurt om eg var fullstendig klar over dette då eg var på eit jobbintervju for ei Phd-stilling før jul. Alle veit det, og det vert forventa av alle som har forhåpningar om å gjere noko som helst i norsk forskning. Dette er i og for seg greit - det er faglige grunnar til at ein må investere tid i å opparbeide seg den kompetansen som trengs. Problemet er korleis denne kompetansen vert lønna.

UiB har nett innført timelister på arbeid, og sidan dette kjem frå sentralt hold, antar eg at dette gjeld heile universitetet, utan at eg har sjekka dette nærare. På desse timelistene får ein ikkje lov til å føre overtid utan spesiell avtale. Ein får heller ikkje føre arbeid gjort etter kl. 20.00, eller arbeid i helg utan avtale. Også då gjeld det retningsliner for timeantal. Dette er rett og slett å beteikne som eit hån. Den gamle ordninga var at ein fekk ei fastlønn, utan å telle timar. Denne lønna var heller ikkje å hoppe i taket for, men det som er irritasjonsmomentet med timelistene er at ein nærast poengterar at "skal du ha noko her å gjere, må du stå på, men vi har ikkje tenkt å betale deg for det". Slik kan berre nokon som sit i ein sterk maktposisjon gjere. Det er relevant å trekke vekslar på legane, som gjennom ei sterk fagforening nettopp har skaffa seg svært gunstige overtids-tariffar. Ein lege tener ikkje dei store pengane på vanlig jobbing, men med ein gong det vert overtid, stig inntekta betydelig. 

Om ein utdannar seg innan molekylærbiologi, og tek ei doktorgrad, har ein i norge i dag relativt begrensa moglegheiter for kvar ein kan gå for å få jobb. Landet har ikkje den store industrien innan farmasi, bioteknologi og liknande, og dei fleste havnar i offentlig sektor. Konkurransen om jobbane er her knallhard. Er det dette som gjer at ein ikkje har pressa fram samme gunstige ordningar for forskerar som for legar? Den høge kompetansen ein skaffar seg ved å invistere i ekstra arbeidstid er jo nett noko som ein arbeidgivar bure punge ut for! 

I tillegg er det omtrent umogleg å få faste stillingar innan universitetssektoren. Eg er no på mi tredje kontrakt på litt over eit halvt år. Om ein ser vekk frå professorar og 1. amanuensisar, kjem eg knapt på nokon som har fast stilling her på huset. Dette har med dei ustabile finansieringsløysingane som er til forskninga, og det kan vel heller ikkje kallast direkte gunstig.

No er eg jo relativt ung og historielaus, så eg skal ikkje gå for hardt ut, men dessee burde jo ha vore sak nummer 1. (og 2?) for ForskerForbundet!

2 kommentarer:

Anonym sa...

At det ikke er mer jobbmuligheter for folk som er utdannet innen molekylærbiologi skyldes antagelig at universitetene stort sett driver grunnforskning som ikke patenteres. Derfor er det mye opp til dere selv å finne forskingsprosjekter som arbeidsgiver (og dere)kan kommersialisere, og danne grunnlag for nye virksomheter, eller skape dere et navn innen forskning slik at dere blir attraktive for industrien.

Forøvrig er vel VitAss stillinger for utdanning å regne. Som staten betaler dere for å ta.

Kanskje du bør lese artikkelen - Egoistiske verdensmestre med puter under armene på http://www.dagbladet.no/magasinet/2008/02/11/526545.html

k.west sa...

Det er ganske sterk kost å kalle nokon bortskjemt når vedkomande peikar på brot i arbeidsmiljølova.

Å kalle vitass ei betalt utdanning er å underkjenne nokon sin jobb.