mandag, februar 18, 2008

Shakespeare III: Organisten


Dette er strengt tatt eit sidespor, men etter eit møte i Studentersamfunnet i Bergen for nokre veker siden, med tittelen Shakespeare - Den første frimurer, klarte eg sjølvsagt ikkje å la vere fristelsen å lese boka Organisten av Erlend Loe og Petter Amundsen.
Kort fortalt er dette teorien til Petter Amundsen, Organist i Skøyen kirke i Oslo, om at Shakespeare sine verk er eit samarbeidsprosjekt mellom medlemmar av Rosenkreutzerane, med Francis Bacon i spissen. Vi får vete at ikkje berre har desse skrive verka - dei har også kryptert inn meldingar i stykka, både på innhaldssida, og gjennom redigeringar av den første samla utgåva av Shakespeare sine verk, førstefolioen. esse meldingane peikar mot Rosenkreutzerane sjølv, og mot Bacon, men dei peikar også mot ein hemmeligheit som skal kunne få Rosenkreutzerane til å gjenoppstå. Spora peikar mot øya Oak Island på Nova Scotia. Til sist peikar dei også vidare mot eit paneuropeisk felleskap, ein slags tidlig frimurerorden, eller Rosenkreutzer-orden.

Boka r forma slik at Amundsen fortel sin teori til Erlend Loe. En skulle kanskje tru at svakheita i boka ligg i ein gal konspirasjonsteori, men svakheita ligg nok meir i korleis desse to utviklar boka saman. Det kjem fram under vegs at dei er redde for å bli scoopa av Dan Brown, og at det av den grunn vert eit hastverksprosjekt. For å gjere dette noko lunde systematisk, skal eg setje opp positive og neggative sider med denne 400 siders skattejakta.

Pro:
+ Amundsen har langt over gjennomsnittlig kjennskap og interesse for koding, sannsynsrekning, numeroligi og ikkje minst dåtidas kultur for denslags. Det er denne innfallsvinkelen han har til Shakespeare (han bryr seg heller mindre om det litterære), og skal ein føre ein seriøs kritikk av prosjektet, er det desse linjene ein primært må følge, støtta av den historiske kunnskapen som finnast på feltet.
+ Amundsen gir somme stader informasjon om dei statistiske sannsyna for dei ulike observasjonane han har gjort. Dette burde han hatt meir av om han skal få noko tyngde i argumentasjonen.
+ Amundsen endar på Oak Island, ei velkjend skatteøy (sjå link ovanfor) der det har vore gjort skattejakter sidan 1700-talet. Det er sjølvsagt litt suspekt, sidan ein ikkje veit kva kunnskapar han har hatt om denne øya frå før, men det at han frå sitt skrivebordsprosjekt i Noreg kjem til Oak Island, og set spaden direkte i hittil ukjente faktorar i Oak Island-mysteriet,  styrker hans sak.

Contra:
- Erlend Loe seier det sjølv: han har ikkje noko kunnskap om verken Shakespeare eller liknande. Dette er ikkje ein fordel. Vil ein ha ein deltakande skrivar, kunne Karsten Alnæs eller mange andre sikkert gjort jobben betre. Vil ein berre ha ei utlegging av teorien, skulle den ha vore skriven av Amundsen sjølv, med statistikk og det heile, samt støttande innlegg frå andre kjelder. Slik det er her, skriv Loe for det meste av Amundsen sine utleggjingar, for så å kome med nokre samansyingar her og der. Samansyingane fell gjennom - naivt og ikkje direkte supert i møte med renessansen sine tankesirklar og krumbaner. Resultatet vert ei bok som ikkje veit kva den vil, og dett mellom mange stolar.
- Ein må kunne beskylde Amundsen for å vere noko naiv i sine tankar om kva som kjem til å komme av kritikk. han kunne med svært enkle grep gjort det enklare for seg sjølv, for eksempel ved å legge ved statistikk etc, ja, ved å støtte seg til det som finnast for å underbyggje stoffet, noko som ville ha gjort at han ville kunne bli tatt  meir seriøst av kritikarar. 
- Eg savnar vel også litt meir avstand til eige prosjekt, noko som også krasjar med dette portrettet av ein entusiast, som denne boka også er. Har han for eksempel nokon negative kontrollar på nokon av dei observasjonane han  gjer? Det kunne han ha fått med i ei anna form på publikasjonen.
- Entusiasten dreg det nok også litt ned for seg sjølv, for eksempel ved å i eit tilfelle henvise til ein synsk, og i eit anna tilfelle trekke konklusjonar frå eit besøk i ei sentral kyrkje i England om at "dei veit noko!". 


Summa
summarum:
Kan jo godt hende det er sant. For min del er det jo litt det samme om Francis Bacon skreiv stykka eller ikkje. Og folk har jo gjort mykje imponerande, så kvifor ikkje eit skattekart? På den andre sida klarer ein ikkje heilt å la seg overbevise, sjølv om ein absolutt vert sjarmert av entusiasten Amundsen - han verkar så pass facinert av eigne fantastiske oppdagingar at bevisbyrden på han vert ganske stor. Uansett så har ein lært mykje om Shakespeare si samtid frå denne boka, og det gjev jo eit eggande slør av mystikk over Shakespear, noko som ikkje er å forakte.

Og heilt til slutt: kritikkens uuthaldelige lettheit.
Etter lesinga av Organisten tok eg meg eit nettsøk for å sjå på nokon av anmeldingane boka har fått. Fleire anmeldingar viste eit forskrekkande lavt nivå, og det ein vil kalle ein seriøsitet på linje med ein skulelei 16-åring i si behandling av stoffet. Uansett om ein trur på dette eller ikkje, så må det kunne forventast av ein som er betalt for å omtale bøker at dei forheld seg til ei litteratur-og kulturhistorie.
For ein debatt i The Guardian, som kanskje er meir interessant: her.

1 kommentar:

Anonym sa...

Jeg er i London og filmer de siste scenene (kanskje) til en dokumentarfilm om dette som skal komme på kino. TV-filmen klippes i disse dager, men det er ikke bestemt noen visningsdatoer.

Det som er skjedd på forknings og utviklingssiden er at Bacons nevø, Henry Neville er kommet inn i bildet. Han ble lansert av Brenda James for to år siden, og jeg tror hun har rett i at han er med. Det eneste som er sikkert er at siste ord ikke er skrevet.

Hadde gleden av å lese gjennom Bacons notater, kalt PROMUS, i dag. Her har han brukt Shakespeare-sitater før Shakespeare skrev sine stykker.

Hilsen Petter Amundsen