lørdag, mars 17, 2007

Ungkarsballet - ei bok om Distriktsnoreg (...tilbake til røtene)



Vi på denne bloggen favnar vidt - ja kanskje for vidt. Vi er innom litteratur, vitenskap, filosofi osv osv. No har vi tenkt å lefle med enda meir vi eigentlig ikkje har så god greie på. Denne gongen er unnskyldinga den behnske størrelsen entusiasme. Ja, nett denne boka traff midt i ei slags heimstadkjensle til bondske og mellombondske strøk på vestlandet på ein slik måte at ein både vert entusiastisk og at ein identifiserer seg.

Vi snakkar om sosiologen Pierre Bourdieu si bok "Ungkarsballet". Bourdieu er jo kjent for mange (iallefall dei som bør kjenne til han), men målet vårt er jo som sagt ikkje å vere først innan sosiologi, men å bli entusiastiske i møte med fagfeltet sosiologi.

Bourdieu tek for seg området Bèarn, sør i Frankrike, ved Pyrineane. Området er prega av landbruk, med landsbyar innimellom. Observasjonen er at odelsgutar har problem med å få gifta seg, og det er ei aukande fråflytting frå bygda til landsbyane og andre byar. Resultatet er forgubbing. Ser ein på dette i høve til tidligare tider, dvs på byrjinga av 1900-talet, ser ein at det har føregått ei omveltning: odelsgutane var nemlig dei som hadde størst sjangse for å få gifta seg på denne tida. I løpet av 1900-talet har dette snudd seg heilt. Kvifor?

Dette er jo som stort sett alt, komplisert og samansatt. Ein skal vere forsiktig med å trekke kjappe slutningar og konstruere gigantofile teoriar. Dette er Bourdieu flink til å understreke, og han bryt på liknande vis med fleire av mine fordommar mot boka som fransk luftslott. Her er mange intervju og anekdoter, og dei slutningane som vert trekt, er heile tida nært fulgt opp av observasjonane som vert gjort, slik at det er lett å følge - ein sosiologisk page-turner.

I det gamle bondesamfunnet var giftarmålet regulert av familien. Det var eit taktisk og økonomisk trekk for å halde garden udelt, og vidareføre namnet. I kvart enkelt giftarmål fanst det ulike strategiar for å kome heldig ut av giftarmålet. Det var viktig at jenta som kom inn i familien hadde med seg nok medgift til at familien kunne betale medgift til dei andre søskena på garden. Medgifta var ein type godtgjering for at ein sa frå seg rett til jorda. I dette samfunnet var medgifa ein stor sum, og mange hadde rett og slett ikkje råd til å gifte seg. Ein prioriterte å gifte vekk døtre, då desse var sett på som ein munn å mette, medan yngre søner var kjærkomen arbeidskraft til garden. At desse ikkje fekk gifta seg, var berre bra.


Kan tru æ vart litt alvorsstemt når æ lest her i avisa
om alt som å må gjørra hvis æ vil værra "in"
Tatovering og ring i nesen og maling oppi håret
Æ tørr itj nævn ka æ må gjør med litjkar'n min


Ved inflasjonen i 1929, vart vart det mykje meir pengar i omløp, og medgifta vart enklare å betale. Samtidig kom det eit skifte i verdien på jorda: den var ikkje lenger like mykje verdt, og bondeyrket vart også mindre attraktivt, med mykje slit, og lite fritid. Odelsguten, som før hadde vore eit godt parti, var ikkje lenger så høgt i kurs. Samstundes låg odelsguten igjen i ein rolle der ein var knytta til jorda og til bondekulturen. Jentene hadde blikket utover. Sidan det hadde vore i kvinnerollen frå gamalt av at jentene skulle giftast vekk, var dei meir omstillingsdyktige. Yngre søner kunne etterkvart få seg jobb uavhengig av gården.

Kall mæ gjern en bondeknøl
en hotten-tott og tulling
Æ skjønne mæ itj på klær og musikk
og det å værra urban
Æ e en ravadall, en stuppuli og luring
Æ treng da itj nå ecstasy
æ som svime rundt i fraulukt hele da'n


Det som etterkvart også skjedde, og som påskjynda prosessen, var at urbane område fekk stadig større definisjonsmakt. I det gamle samfunnet levde ein relativt isolert, og sentralmakta var representert gjennom funksjonærar og tenestemenn i landsbyen, som ein hadde eit meir personlig forhold til. Med utviklinga av ulike kommunikasjonsmiddel, vart det urbane synet på både det urbane sjølv, og på bondeområda, meir gjeldande. Bonden såg no på seg sjølv som "bondsk". Følga var at ein ville sikre komande generasjonar ei framtid ved å sende dei på skule, og oppfordre dei til ei utdanning. Dei nye gardbrukarane hadde også omstilt seg, og dreiv effektivt og teknologisk landbruk, men kven vil satse på ein odelsgut i denne samanhengen?

Det e ihvertfall sikkert, æ passe itj inn i storbyen
med all den snåle maten og så bør æ helst drikk vin
Æ har aldri helt forstått det der med trend å fun og fashion
Kjøttkak det e livretten min


Såh, no er eg vel verken historikar eller sosiolog, men det var heller ikkje meininga. Likevel føler eg denne boka har gitt nokre nøklar til å forstå fråflytting, forgubbing, sjarmørkurs og ungkarar i vestlandske bygder. Du finn boka på mammutsalget, til 79 kroner. Spring og kjøp.

Tekstar i kursiv frå DDE: Bondeknøl.

Ingen kommentarer: