mandag, mars 12, 2007

Kunnskap i det små, del4: Epistemology - dududududududu


Overskrifta syngast med melodien til Prince ' Musicology (dudududududududu). Til høgre visast verken Prince eller tidligare diktator i Romania, Chauchezku (?), men derimot den uforståelige, og difor enda viktigare franske filosofen Jaques Derrida.

Epistemologi er læra om korleis ein tilegner seg kunnskap, grovt sett. Og det overordna målet med denne boka er nett det: korleis tileger ein seg kunnskap i faget molekylærbiologi. Vi har i dei føregåande postane deskriptivt beskrive korleis dette har vorte gjort reint praktisk. No skal vi forlate jorda, og fare til Frankrike.

Som eit filosofisk grunnlag for denne utlegninga ligg erkjenninga at ein ikkje har tilgong til noko evig sanning, heller ikkje gjennom vitskaplig arbeide. Dette grunnsynet er ei erkjenning som har kome i møte med skeptisisme-problemet: at ein aldri kan vere HEILT sikre på at det ein observerer er OBJEKTIVT sant, eller representativt for ei OBJEJKTIV sanning. Eksempel på dette er Newton, som, basert på observasjonar, laga lover i fysikken som kunne forklare mykje av det som skjedde rundt oss, ja faktisk alt det dei påsto å kunne forklare. Etter kvart dukka det opp fenomen som Newton sine lover ikkje kunne forklare, som for eksempel adferden til partiklar som nærma seg lysfarta. Dette var jo neppe ei aktuell problemstilling på Newton si tid, men på Einstein si tid var det ei aktuell problemstilling, og Einstein måtte lage nye lover, som forklarte på ein annan måte det Newton sine lover hadde forklart, samt litt til. Dette har vore tilfelle i mange/alle vitskapar, at teoriar avløyser kvarandre. Likeeins har ein gang på gang måtte ha revudert ulike teoriar sine fundament. Mange naturvitenskaplige teoriar er dedusert utifrå det som kallast sjølvinnlysande sannigar, teorem. Eit teorem innan matematikken har vore at ei rett linje er den kortaste vegen mellom to punkt. Men så oppdaga ein at det kunne vere fleire enn tre dimensjonar, også måtte ein seie at det faktisk er mogleg å ha kortare vegar mellom to punkt enn ei rett linje. Skal ikkje vere enkelt...

Så også molekylærbiologi. Molekylærbiologien kviler mykje på kjemi, som igjen kviler på fysikk. I tillegg er molekylærbiologien eksperimentell, det vil seie at det er svært lite i dette faget som går an å lage teoriar om i biologiske system. Dette er fordi sjølv om fundamentet er fysikalsk-kjemisk, så er graden av kompleksivitet for stor. Ein er difor heilt avhengig av velfunderande eksperiment. Dei eksperimentelle verktya baserer seg sjølv på vitksaplige teoriar. For eksempel om ein skal sjå ei celle i eit mikroskop, støttar ein seg til teoriar om lysbryting. Ein bygger seg altså opp eit nettverk av teoriar og forklaringsmodellar. Desse er innbyrdes konsise, og på basis av desse tilegnar ein seg kunnskap om spesifike biologiske fenomen. Desse fenomena dannar etter kvart eit system for forståing av nye biologiske fenomen.

I eksempelet vi har sett på, såg vi på Zamecnik sin innfallsvinkel til foskning på proteinsyntese: ein visste at celler produserte protein, og at kreft var kobla til celler sin produksjon av protein på eit eller anna vis. Dette er eit rimelig smått system enda. I tillegg hadde ein kunnskap om at protein kunne skiljast frå kvarandre ved ulike hjelpemiddel, som ultracentrifuge, ein teknikk som kviler på fysikk. Implisitt i dette ligg altså allereie ein tanke om at det som ein eventelt skal finne ut, må forståast innan ein fysikalsk-kjemisk, så vel som biologisk kontekst. Slik fekk ein fram nye "epistemologiske einingar", det vil seie nye og hittil ukjende partiklar, som ein ikkje hadde kunna forutsjå teoretisk, men som dukka opp som kvalitativt nye einingar i eit fysikalsk-kjemisk system. Desse første partiklane kalla ein mikrosom.

Det som så skjer når ny kunnskap vert erverva, er at desse vert inkorporerte inn i systemet på ein slik måte at systemet korrigerer seg etter den nye informasjonen, slik at systemet heile tida er i utvikling, og vert om-konfigurert. I dette tilfellet kan ein seie at ein gikk frå at "kreft har noko med protein produksjon å gjere", til "partiklane polysom er sentrum for proteinproduksjonen, og feil i denne svært spesifike mekanisma kan mellom anna føre til kreft". Ein ser slik at oppdaginga av polysoma ikkje var tilfeldig: dei vart fanga inn av den kunnskapen som ein allereie hadde (utan at det var mogleg, teoretisk sett, å forutsjå at ein hadde eit polysom), og dei førte til at denne kunnskapen var reorientert, og no sett i lys av den nye kunnskapen.

Differential reproduction.
Når eit eksperimentelt system vert reprodusert, meiner ein i denne boka at ferdigheitene, instrumenta, fagterminologien og alt det som skal til for at det eksperimentelle systemet kan eksistere, vert vedlikehaldt. Og dei instrumentelle systema er jo viktige for korleis den nye kunnskapen artar seg. Dette er avhengig av tekniske ferdigheiter, og det ein kan kalle laboratorie-ferdigheiter, der utøvarane av ein metode har sine triks og teknikkar for å optimalisere metoden på ein best mogleg måte ( ikkje street-smart, men lab-smart, på ein måte).
Noko av målet med eit eksperimentelt system, er å fange opp spor av nye epistemologiske einingar. Dette kallar ein "difference", ulikheiter. Nye eininger dukkar opp som ikkje kan forklarast som å vere ein del av det ein allereie veit, og dei inkorporerast inn i systemet av kunnskap. Eit eksperimentelt system vil difor alltid vere på jakt etter ting som kan motstride det som allereie er kjent, for å seie det slik: skal ein finne ut noko nytt, er det nye per definisjon ikkje det same som det gamle, men kvalitativt ulikt og motstridande. Det eksperimentelle systemet er difor alltid på jakt etter det som kan undergrave det ein allereie veit. Polysoma undergravde forståelsen ein hadde for protein-produsjon. Denne prosessen er det som kallast "differénce", og "differential reproduction" vert altså det som kjenneteikner eksperimentelle system, ved at ein heile tida søker å undergrave det kjende, slik at kunnskapen ein har må relokaliserast rundt stadig nye eininger.


Puh... det får vere nok for i dag. Neste gong vert det meir om spor, spaces of representaiton, og korleis ein vel ut kva slags spor ein skal ta med vidare.

2 kommentarer:

Eirik Løkke sa...

Godt å se at en lærer noe på Mat.nat. Kan det være harde krav om normert levering...

Vettuge ord i dagens Studvest :)

PS!
Eg trodde med ein gang at det sto siste setning "runking under dyna", men det var visst ruging, ja, ja ikke lett å vita forskjell alltid...

k.west sa...

Takk takk...

Runking under dyna tyder på at ein har eit høgt læringsnivå, då det er ein markør på begrensa sosial omgang, og dermed meir tid til pugging.