søndag, desember 18, 2011

Master i filosofi 2011

Dette året har vore fullt, og fint er det. Mellom anna vart eg endelig ferdig med ein master i filosofi med Paola de Cuzzani og Roger Strand som rettleierar. Trufaste lesarar av denne bloggen (og det er det sjølvsagt hordar av - gå og vogg Voe) har sett at eg har blogga så smått om dette før. Eg legg her ut det norske samandraget.

----

Eksperimentell molekylær medisin har dei siste 60 åra vakse til å bli ei stor grein innan dei medisinske vitskapane. Kunnskapen frå den eksperimentelle molekylære medisinen har forma vår forståing av liv og av sjukdom.
I denne studien har eg stilt spørsmålet om korleis eksperimentell molekylær biologi som vitskap produserar kunnskap. Eg har freista å gi ei forståing av eksperimentell molekylær medisin som integrerer sosiale, teknologiske og materielle faktorar.
Det andre spørsmålet eg har stilt i denne oppgåva er om ein filosofisk refleksjon over kunnskapsproduksjonen kan føre til ein vitskaplig sjølvrefleksjon, kritikk, og endring av kunnskapsproduksjonen. Eg føreslår at molekylær medisin kan endrast ved å legge meir vekt på å forstå korleis molekylærbiologiske fenomen fungerar i ein biologisk og medisinsk kontekst.

1 kommentar:

Håvard sa...

Går det an å finna denne oppgåva på nettet?