mandag, juli 19, 2010

Knausgård - Min kamp 4


O'forfylla ungdomstid og skjødeslause hurtig-skriving.

Eg har havna bakpå Knausgård-sagaen. Det er litt mi eiga skuld. Etter å ha lest del 3 byrja eg rett på "Ute av verden". Overdosen var eit faktum.

Men no, altså, er altså #4 lest og fordøya. Og aninga frå #3 fortset: han klarer ikkje å holde stilen.

Mitt hovudproblem, med denne og den førre, er at den nære nerven frå dei to første bøkene - kjensla av å kome inn i hovudet på forfattaren - tapast til fordel for ein meir konvensjonell oppvekstroman-forteljarmåte. Det er lenge sidan eg las Saabye-Christensen, så eg skal ikkje påstå dette for hardt, men hans nostalgiske oppvekst-forteljarstemme er det som kjem meg først i minne. Og for min del er ikkje det ein positiv assosiasjon.

Også saknar eg dei overraskande innsiktene og refleksjonane frå dei to første bøkene, som opna nye rom, ny tolking av erfaringane, og som gjorde den sentimentale sjølviscenesetjinga til ein konstruktiv prosess.

#4 handlar om Knausgård si gymnastid samt eit år i Lofoten etter gymnaset, der han jobba som grunnskulelærar. Boka har eit sterkt vitnebyr, nemlig korleis far og son dyrkar alkoholen for å takle sine sosiale problem. Beskrivinga av korleis faren forsvinn inn i alkoholismen er sår, og ein får her sjå den fortvilte sida som faren ikkje har klart å takle på anna måte enn gjennom strengheit. For sonen er alkoholen ein måte å takle det sosiale; ein måte å flyte gjennom dei vanskelige seine tenåra. Dette er eit glimrande og trist vitne til norsk ungdomsfyll i all si destruktive alko-dyrking.

Eg kjem nok til å lese dei to siste bøkene også, men synd å seie er dette mykje på grunn av at det er synd å slutte i ein serie som likevel tar så rask tid å lese.

Qest

6 kommentarer:

Anonym sa...

Leste Knausgård 1 i sommer. Han er en reflektert person som skriver bra, men alt fyllstoffet...

Mulig jeg har nevnt dette før, men kanskje Dostovjeski er litteratur som du vil sette pris på. Spesielt det han skrev mot slutten, f.eks. Idioten eller Brødrene Karamasov.

De bøkene er upretensiøse og enkle men synes å romme et langt liv av erfaringer og refleksjoner.

Håper Knausgård neste gang bruker et år eller tre (på èn bok).

PS: Gratulerer med doktorgraden!

k.west sa...

Eg tykte 1-aren var bra. Han gjer seg på store tekstflater, om ein kan finne på eit slikt ord: ein svosjar gjennom sidene og sit att med ei kjensle. Problemet mitt er at i dei to siste "Min kamp"-bøkene stivnar han i ei meir vanlig og klisjefyllt forteljarform og sjølvframstilling: "Ungdomstid", "barneår". Det kan godt vere at, som du seier, hadde han brukt lenger tid så hadde han fått jobba sin eigen stil inn i teksten og framstillinga. Eg trur det.

Når det gjeld Dostovjevskij så. sidan eg ikkje veit kven du er så veit eg ikkje om du har nevnt det før:D
Men eg har lest fleire bøker av han, og det er favorittar! Det er nokon av dei bøkene som har gjort størst inntrykk på meg. Særlig dei to du nevner.
Eg tykkjer ikkje dei er enkle, tvert om! men som du seier så er det overveldande at ein person kan romme så mykje erfaringar og innsikt at han kan skape slike karakterar og refleksjonar.

...og takk for gratulasjonen:)

Anonym sa...

Fjodor gjorde veldig stort inntrykk på meg også. Blant annet fordi den oppleves som dypt ærlig. Han fremstår som en mann som "forteller" mer enn en som "skriver". Det jeg mente med at bøkene er enkle, er at de ikke inneholder noe særlig unødvendig intellektuelt jåleri. Fjodor ønsker nok å bli lest av flest mulig, ikke bare en intellektuell elite. Jeg ser f.eks. Umberto Eco med "I rosens navn" som et slags motstykke. En kunnskapsrik forfatter som skriver bra, men som med jevne mellomrom spyr ut et par sider svevende vrøl.


Knausgård. Ærlighet.
I MK1 refereres det en situasjon, en samtale med en kompis som slakter ham etter å ha lest gjennom et manuskript. -"Karl Ove, du må fortelle!" er tilbakemeldingen han får.

Slik som jeg har forstått det, så er hans skrivetempo et slags kunsterisk grep for å minimere selvsensuren og sikre en spesiell autensitet. Tanken er at gjennom det å gå langt nok inn i sitt eget, så kommer han ut av det, ut i det almenmenneskelige landskap.

Knausgård har sitt eget liv, sin egen unike livsfortelling som han ønsker å formidle. Hvorfor? Forhåpentligvis for å formidle noe større enn seg selv. Fortellingen tjener primært som kulisse til innholdet, slik at vi kan snakke om mer enn det som kan formuleres eksplisitt.

Hva har Knausgård egentlig gjort? Brukt sitt eget fortelling som utgangspunkt for en større fortelling?

Her vil jeg nevne Knut Hamsun, Sult. DET kaller jeg selvutleverende litteratur. Enhver som har vært i nærheten av narsissister med mythomane trekk forstår at boken essensielt sett ikke er fiksjon.

Distanse behøves ikke for å være ærlig, tvert om. Men jeg tror en passende distanse er nødvendig for å være ærlig og samtidig bli forstått. Jeg er usikker på om Knausgård har denne distansen, alternativt om han virkelig har noe å fortelle.

Men Knausgård - som Umberto Eco - skriver bra.
-
Vidar

k.west sa...

Hei hei,
eg er ikkje av dei som kritiserar Knausgård for sjølvutleveringa si. Eg meiner at MK 1 & 2 var kjempebra. Særliig #2.

Men eg er av den meining at ærligskap ikkje er ein garanti for kvalitet i seg sjølv. I eit kvart kreativt uttrykk vil også forma ha sitt å seie. Det er kanskje kombinasjonen av form og ærligheit som i 1&2 gjer så stort inntrykk. I 3&4 føler eg at forma endrar seg, at han dett inn i ei form som ikkje er hans, som tilhøyrer klisjeen.

Tykkjer eg. Knausgård, som Eco, skriv somme tider bra og somme tider ikkje bra.

Anonym sa...

Han har vel blitt kritisert for å utlevere andre, ikke seg selv.

Men jeg kommer nok til å trosse judassmaken og gyve løs på MK2 en dag. Er ikke så fin på det. Takk for god veiledning.

k.west sa...

Det er sant. Eg merkar at eg til det tar det kanskje litt kyniske "Om 100 år er alle klager gløymt, og vi har ei fantastisk bok", sjølv om det hjelp lite for dei som føler seg uthengt.

Men MK2 er fantastisk i all sin trivielle nærleik. Ein får verkelig kjensla av at "ja, slik er jo livet". Og då har den formmessige illusjonen verkelig fungert.

Me snakkast:)