torsdag, november 19, 2009

Knausgårds kamp 1-2

I går vart eg ferdig med bind 2 av Karl Ove Knausgårds "Min kamp". I dag fekk Knausgård Brageprisen i skjønnlitteratur for vaksne for "Min kamp bind 1". Om det var fortent eller ikkje veit eg ikkje då eg ikkje har lest dei andre nominerte.

Det som er sikkert er at Min Kamp er eit svært originalt verk, både i skrivestil og i beskriving av tema. Vel og merke så vidt som eg kan sjå frå mi avgrensa erfaring.

"Min kamp" er vel eit av dei mest omtalte verka i haust. Når eg likevel vil skrive litt om det sjølv, er det fordi det har gjort eit stort inntrykk på meg. Opplevinga av å kome så nært inn på ein annan person gjennom ein tekst er ikkje anna enn realismen si tilbakekomst, lurt inn gjennom det indre auget. Er det mogleg å fullstendig realistisk oppleve det ein annan person opplever ved å lese det i ein tekst? Nei. Det er det sjølvsagt ikkje. Men er det mogleg å gi ei kjensle av det ved å beskrive personen sine opplevingar særs omstendelig? Ja, det er faktisk den opplevinga eg har her.

Så er spørsmålet: vert det god litteratur av å skrive 5 sider om dagen, slik Knausgård har gjort under arbeidet med denne romanen? Tempoet viser att, serlig i 2. bind er det fleire mindre gjennomarbeida passasjer, der det er tettare mellom flosklane enn i 1. bind. Også er det jo slik at innleving ikkje er garanti for kvalitet - monge gongar har eg liksom vakna opp etter ein berusande lesaroppleving, og sett at det var dramaturgien som fanga meg, og svakheitene dukka ikkje opp før boka var sett i hylla att. Og det er ikkje sikkert "Min kamp" vekker allmenn identifikasjon, om ein kan snakke om slikt. Det kan vere for spesielt interesserte. Sjølv om dagens Bragepris talar mot dette.

Det som peikar på "Min kamp" som stor litteratur, er dei originale og gode refleksjonane i den originale forma. Med ei svært god språkdrakt, tross alt, om enn smurt litt tynt somme stader.

For min del er dette den beste norske litteratur-opplevinga på svært lenge.

- Quest

Ingen kommentarer: