torsdag, juli 09, 2009

Kamskjel med sennepssaus


Førre helg var eg på tur til Sveio i Sunnhordaland for nyting av det våte element, sågar fridykking. Her fann vi fram til Lyngholmen, som allereide frå kartet såg ut som ein bra dykkeplass: eit smalt sund nær havet. Det viste seg å vere full klaff, og sundet ved Lyngholmen var ein veldig fin tumleplass, med sandbotn, fine undervass-hamrar, mykje liv, og veldige mengder brennmaneter.

Av fangst så vart det tatt ei stor raudspette, og fleire kamskjel. Krabbar var det også mykje av, og då mest på sandbotnen (ca 6-12 m djup), men sidan vi hadde hatt krabbe kvelden før, tok vi oss den luksusen å la krabbene vere.

Same kveld vart ein del av kamskjela, samt to lyrar tatt på stong, fortærte med tilhøyrande øl. Men vi åt ikkje opp alle kamskjela, så dagen etter søkte eg litt på nettet etter oppskrifter, og fann denne svært vellukka oppskrifta på kamskjel med sennepssaus.

Kamskjel med sennepssaus.
- kjøp deg våtdrakt, maske, snorkel, bly og svømmeføter. 5 mm er bra for norske forhold
- øv deg på utlikning og pust i eit basseng.
- få deg venner som også vil fridykke (bør ikkje gjerast aleine)
- finn eit sund som vender utover mot havet (her er ytre kyststrøk langs heile norgeskysten kvalifiserte). Sundet bør ha litt straum, samt sandbotn mellom 6-15 m djupt
- dykk ned til sandbotn, leit etter kamskjel. Sank kamskjel. Ikkje forsyn deg for grovt, då bestanden kan verte utarma lokalt.
- tilbred same dag, evt. neste dag om dei oppbevarast kaldt.
- skjær ut muskelen (rogna kan også etast, den er den oransje pølsa kring muskelen)

- hakk opp nokre fed kvitlauk
- steik kvitlauk og kamskjel i olje på middels varme max 5 min
- tilset eit par hakka grøne oliven, ei teskjei små kapers, ei teskjei dijon-sennep, ei teskjei usalta smør og ein skvett fløyte. Rør
- la koke inn til halvt volum
- legg kamskjel og saus i ildfaste former, evt i skjela (estetiske hensyn tilseier det siste)
- strø over brødsmular
- set i ovnen 175 grader i eit par minutt, til ein ser ei lett bruning.
- imponer din neste

nam nam

Ingen kommentarer: