torsdag, desember 27, 2007

Julelesing 2: Ny i verda.

"James Brown sette i eit grynt, og byrja å fortelje at han kjende seg som ei sex-maskin. Det er så mange slags kjensler som kan kome over eit menneske"


Eg-personen vert sagt opp frå sildoljefabrikken i ein eller anna fjord på vestlandet (eg tenkjer sogn. Det er slett ikkje sikkert dette er rett, men han oppfører seg tidvis litt sogn-aktig) og dreg til Bergen for å studere på universitetet. Ein vaskeekte bondestudent-roman. Han studerer lite, og går livet sin skule, som dominerast av mjuke studiner og livsnytarkommunisten dr. Munk. I høve til desse faktorane ter hovudpersonen seg litt som ein antihelt, men han syg til seg inntrykk, og modnast. Slik sett har eg meir sympati for han enn for mange av personane i Bikubesong, som satt meir fast i eigne roller. Hovudpersonen i Sveve over vatna er kanskje ikkje så interessant å snakke med no, men han vert det antagelig om nokre år.

Denne danninga er også underfundig, men personane har spenst og evne til å gå utover seg sjølv. Det er alltid spennande å sjå kva dei gjer vidare. Dessutan er ofte viddet med på å skape ein interessant klangbotn , slik eksempelet er i det innleiande sitatet. Betraktingane treff ofte på kornet. Vidare er boka, og personane aktørar i kulturen på ein heilt annan måte enn dei var i Bikubesong, både i høve til si eiga historie ("Sveve over vatna" er eit bibelsitat, og det er fleire trådar som peikar i retning kristendomen, sjølv om desse aldri vert tematisert grundig). Det kan godt at Frode Grytten ønsker å tematisere ein slags innoverskuande stagnasjon i Bikubesong. I så fall står det noko sørgjelig til i Odda. Personane i Sveve over vatna stagnerar ikkje; dei rasar gjennom livet, med ein fandenivolsk energi.

Også denne boka får somme tider noko skjemt-aktig over seg, og ein lurer på om det viktigaste vert å presentere artige historier og skrå-blikk, men etter nokon dagar med fordøying ender ein med å vere sjarmert av persongalleriet og deira meir eller mindre realistiske prosjekt, og ein kan tenke på korleis det er å vere ny i verda, slik ein gjerne er når ein er ca. 20 år.

For kulturredaksjonen var det på tide å lese noko av Hovland av reine samvitsgrunnar. Eg hadde invitert Hovland til Studentersamfunnet i Bergen for nokre år sidan, utan å ha lest ei einaste bok av han. Eg måtte difor gjennom heile middagen og kvelden vidare late som om eg var ein belest Hovland-fan. Det kjendest litt dårlig gjort.

søndag, desember 23, 2007

Julelesing 1: Bikubesong



Frode Grytten sin "Bikubesong" har vorte ein aldri så liten klassikar innan den nynorske kultursfæra. Dette til tross for at den inneheld bokmålske lånord som får ivaren i meg til å kveppe.

Mykje har vorte sagt om denne boka, eller novellesamlinga, som det vel strengt tatt er. Lite tyder altså på at du kan nytte K. West for å oppdage ny litteratur. Men kanskje kan vi skape ein ny skule innan Grytten-lesinga. Kven veit.

Ramma kring karakterane i novellene er murboligen i Odda. Eg tenker at dette er bikuben. Jamt over tek kvar novelle føre seg ein karakter i murboligen, og viser fram denne. Dette gjerast på ein måte som er dels humoristisk på ein underfundig måte, og med ein underliggande sårleik. Det er noko dveldande iaktagande i Grytten sin stil, noko nesten passivt i framvisninga av karakterane. Dette gjev rom til det usagte og det såre og kjenslevare, noko som kanskje kan seiast å vere ein type norsk underdriving. Dette igjen gjev det humoristisk underfundige meir kraft der det på ein måte nøkternt vert framvist i sin absurditet, og sett imot eit litt kommunegrått bakteppe av kvardagen i Odda.

Mange av karakterane ser ut til å lengte ut mot verda. Grytten er kjent for sine talrike populærkulturelle referanser, og det innadvende bygdelivet vert sett opp mot dryppa frå verda der ute, gjennom The Smiths, filmstjerner og TV-seriar. Men ofte blir det med det. Skjæringa mellom det innadvende bygdelivet og det å identifisere seg for mykje med den ytre verda ser ut til å kunne føre til framandgjering og utestenging.

Ein annan ting som går att er det undertrykte kjønnslivet som boblar og siv ut alle stader. Mange av dei gode skildringane i boka tykkjer eg er av ulike former for forbode eller undertrykt begjær av ulike artar, for eksempel av familiefaren som forelskar seg i ungjenta i kassa på Domhus. Det er i det heile ikkje så stor moglegheit for å få lufta eller snakka om slike ting, og mange av karakterane dett på ein måte inn i seg sjølv. Denne passiviteten som pregar fleire karakterar, og også noko av observasjonane, er kanskje det eg har mest å utsetje på boka.

Bikubesong er dvelande og beskrivande, underfundig. Men så blir det ofte med det. Arbeiderpartimannen vert beskrive i ein nostalgisk-komisk tone, og direktøren for smelteverket er ein noko komisk figur. No skal ein vere forsiktig med å kritisere ei bok for noko den kanskje ikkje prøvar å vere, men eg sit med kjensla av at dette er ein tekst som er reaktiv: den vil heller dvele ved Odda-kulturen, beskrive den og dens underfundigheiter, men i dette ligg det også ei slags maktesløyse. Det er liksom at karakterane og forfattaren ikkje vil noko. Smiths-fanen i byrjinga dett inn i si eiga rolle som utanfor. Kvinna som nett har vorte enkje dvelar ved mannen sin. Gerhardsen vil aldri kome inn i varmen, eller vere noko anna ein eit utskot i sin klart definerte rolle, og regissøren som har flytta til New York står som skodespelar til ei nervrotisk mor, i ein familie ho eigentlig har vendt seg vekk ifrå.

Unntaket er mannen som vert kåra til den mest gjennomsnittlege mannen i Noreg. Og det er jo ikkje tilfeldig at nett han søker å overskride seg sjølv, og sprenge nokon grenser. Så eg landar nok på at det var denne eg likte best.

Som ein sidekommentar: Bikubesong egnar seg godt til bussturar på Vestlandet, gjerne mellom Bergen og Ulsteinvik, men også andre strekninger kan sikkert duge, utan at redaksjonen har noko empiri på dette.

onsdag, desember 19, 2007

Bellona..



Å skulde staten for lovbrot i høve til CO2-lagring, det likar vi.

K. West-redaksjonen er no støttemedlemmar i Bellona. Det er ingen dum idé. Støtt den handlekraftige krølltoppen! (Håper berre han røyker kortreist hasj:P)

tirsdag, desember 18, 2007

Oil oil oil oil...



Oljen den er blank og fin,
oljen den er min.
Skulle den så gi misnøye
...er jo det ikkje nøye.

lørdag, desember 15, 2007

Julelesning: Ny norsk litteratur.


Har fokuset på danning og historie vorte for sterkt? Har dette gått på bekostning av samtidslitteraturen? Har internasjonaliseringa gått på bekostning av det lokale?

Dette er spørsmål som vart retta mot kulturredaksjonen på K. West-bloggen sist redaksjonsmøte. Som ein reaksjon på dette, lanserar vi ei julelesning av tre relativt nye (iallefall om ein reiknar i decennier, slik eit kvart danna menneske sjølvsagt vil gjere) norske bøker. Utpeika av redaksjonen er:

- Olaug Nilssen: Få meg på for faen.
- Ragnar Hovland: Sveve over vatna.
- Frode Grytten: Bikubesong.

I dei siste dagane av 2007 vil vi rapportere friskt frå lesninga av desse verka.

Den skarpe lesar har sjølvsagt fått med seg den doble tydinga i tittelen i høve til språkform og bokval.

fredag, desember 07, 2007

Mediekommentaren

K. West kårer dei beste ny-orda denne veka!

2. Plass:
Kjendispakistaner.

1. Plass:
Pepsi-Gro.

Vi håpar, og trur, at begge orda vil gli inn i det aktive norske ordforrådet.