søndag, desember 23, 2007

Julelesing 1: Bikubesong



Frode Grytten sin "Bikubesong" har vorte ein aldri så liten klassikar innan den nynorske kultursfæra. Dette til tross for at den inneheld bokmålske lånord som får ivaren i meg til å kveppe.

Mykje har vorte sagt om denne boka, eller novellesamlinga, som det vel strengt tatt er. Lite tyder altså på at du kan nytte K. West for å oppdage ny litteratur. Men kanskje kan vi skape ein ny skule innan Grytten-lesinga. Kven veit.

Ramma kring karakterane i novellene er murboligen i Odda. Eg tenker at dette er bikuben. Jamt over tek kvar novelle føre seg ein karakter i murboligen, og viser fram denne. Dette gjerast på ein måte som er dels humoristisk på ein underfundig måte, og med ein underliggande sårleik. Det er noko dveldande iaktagande i Grytten sin stil, noko nesten passivt i framvisninga av karakterane. Dette gjev rom til det usagte og det såre og kjenslevare, noko som kanskje kan seiast å vere ein type norsk underdriving. Dette igjen gjev det humoristisk underfundige meir kraft der det på ein måte nøkternt vert framvist i sin absurditet, og sett imot eit litt kommunegrått bakteppe av kvardagen i Odda.

Mange av karakterane ser ut til å lengte ut mot verda. Grytten er kjent for sine talrike populærkulturelle referanser, og det innadvende bygdelivet vert sett opp mot dryppa frå verda der ute, gjennom The Smiths, filmstjerner og TV-seriar. Men ofte blir det med det. Skjæringa mellom det innadvende bygdelivet og det å identifisere seg for mykje med den ytre verda ser ut til å kunne føre til framandgjering og utestenging.

Ein annan ting som går att er det undertrykte kjønnslivet som boblar og siv ut alle stader. Mange av dei gode skildringane i boka tykkjer eg er av ulike former for forbode eller undertrykt begjær av ulike artar, for eksempel av familiefaren som forelskar seg i ungjenta i kassa på Domhus. Det er i det heile ikkje så stor moglegheit for å få lufta eller snakka om slike ting, og mange av karakterane dett på ein måte inn i seg sjølv. Denne passiviteten som pregar fleire karakterar, og også noko av observasjonane, er kanskje det eg har mest å utsetje på boka.

Bikubesong er dvelande og beskrivande, underfundig. Men så blir det ofte med det. Arbeiderpartimannen vert beskrive i ein nostalgisk-komisk tone, og direktøren for smelteverket er ein noko komisk figur. No skal ein vere forsiktig med å kritisere ei bok for noko den kanskje ikkje prøvar å vere, men eg sit med kjensla av at dette er ein tekst som er reaktiv: den vil heller dvele ved Odda-kulturen, beskrive den og dens underfundigheiter, men i dette ligg det også ei slags maktesløyse. Det er liksom at karakterane og forfattaren ikkje vil noko. Smiths-fanen i byrjinga dett inn i si eiga rolle som utanfor. Kvinna som nett har vorte enkje dvelar ved mannen sin. Gerhardsen vil aldri kome inn i varmen, eller vere noko anna ein eit utskot i sin klart definerte rolle, og regissøren som har flytta til New York står som skodespelar til ei nervrotisk mor, i ein familie ho eigentlig har vendt seg vekk ifrå.

Unntaket er mannen som vert kåra til den mest gjennomsnittlege mannen i Noreg. Og det er jo ikkje tilfeldig at nett han søker å overskride seg sjølv, og sprenge nokon grenser. Så eg landar nok på at det var denne eg likte best.

Som ein sidekommentar: Bikubesong egnar seg godt til bussturar på Vestlandet, gjerne mellom Bergen og Ulsteinvik, men også andre strekninger kan sikkert duge, utan at redaksjonen har noko empiri på dette.

Ingen kommentarer: