søndag, juni 13, 2010

Disputas

Det nermar seg.
Og godt skal det bli å bli ferdig så ein kan kome tilbake til det som virkelig er gøy, nemlig å forske.

Alle nysgjerrige er sjølvsagt hjertelig velkomne på både prøveforelesning og disputas!

Prøveforelesning: 25. juni kl. 09.15. Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Haukeland universitetssjukehus.
Emne: Accumulation and clearance of aggregation-protein proteins linked to disease.

Basisen for mange nervesjukdomar som alzheimer's og parkinson's er liknande mekanismer: opphopingar av protein i og kring nervecellene gjer at nervecellene døyr. Kvifor skjer desse opphopingane, korleis beskyttar kroppen seg mot dei, og korleis kan ein angripe dei medisinsk.

Disputas: 25. juni kl. 11.30. Bygg for biologiske basalfag, Haukeland universitetssjukehus.
Tittel på avhandling: The human protein N-alpha-acetyltransferase complexes hNatA, hNatB, and hNatC. Identification and functional characterization.

Vi har identifisert og beskrive tre proteinkompleks som utfører ein svært vanlig kjemisk reaksjon i menneskeceller. Funksjonen til denne reaksjonen er faktisk ukjent, men utan desse proteinkompleksa veks ikkje cellene som dei skal, og dei kan også gjennomføre det ein kallar "kontrollert sjølvmord". Dette kan vere interessant både for kreftutvikling og for nervesjukdomar.

2 kommentarer:

Janicke sa...

Gratulerere og gled deg! Det er en stor happening! Husk gode sko ( det blir lenge å stå), en vannflaske på lur og ellers er det bare å senke skuldrene og nyte å være midtpunktet fra morgen til kveld. En gang til: Gratulerer!!

k.west sa...

Hei hei, takk for det!

Eg hadde tenkt å prioritere jåleri foran komfort på skofronten, men eg ser poenget, så vi får sjå:)

Gledar meg uansett til dagen.
Lukke til vidare med eksamenssensureringa!