tirsdag, januar 05, 2010

Korleis kreativitet danna evolusjonsteorien I

I blogens tidlige dagar la eg ut filosofiinnleveringar eg hadde hatt på blogen. I ettertid ser eg at det var litt naivt å forvente at nokon skulle grave seg gjennom nokre skarve filosofioppgåver frivillig. Men likevel, dei er jo ikkje så verst, tykkjer eg sjølv. Dei seier jo ... ting.

Dei er berre skrive med lite tanke på ein stakkars mottakar.


Vi prøver oss difor med nokre populærfilosofiske postar om filosofi! Først ut er ein føljetong om Darwin sitt kreative språk, i anledning det avseila Darwin-jubileet (som kjent er vi alltid sist med det siste)
.

Korleis kreativitet danna evolusjonsteorien I: Darwin sitt problem.

Overskrifta er sjølvsagt ei overdriving. Det var ikkje kreativitet aleine som danna evolusjonsteorien. Men eg vil hevde at kreativitet var ein svært viktig ingrediens i utarbeidinga av det som i dag er ein av dei viktigaste teoriane vi har. Det var jo ingen som hadde laga evolusjonsteorien før, på den måten Darwin gjorde. Klart han måtte vere kreativ.

Det som er spennande om ein les litt i "Artane si opprinning", er at den slett ikkje er skrive på eit typisk vitskaplig språk. Tvert imot er den skrive svært litterært, på ein måte som ligg nærare 1800-talets romantiske stil. Dette er nok ikkje tilfeldig.

Darwin skulle danne ein ny teori, ein som braut med den tidligare forståinga av biologien. Den dominerande forståinga før Darwin var naturteologien. Darwin ville ta guden ut av naturen.

Første problem var: korleis skulle ein seie det som før ikkje har vorte sagt, det som tidligare ikkje hadde vorte sett ord på?

Det andre problemet var: når han først hadde utarbeida teorien, korleis skulle han overbevise andre om at den var sann? Som dei fleste veit, er det vanskelig å få folk som er vane med eit tankesett til å forkaste dette til fordel for eit heilt nytt. Evolusjonsteorien kan verke sjølvsagt i dag, men det er nok heller fordi ein har vorte van med den, og at vi har tillit til vitskapen som brukar den.

Løysinga på begge desse problema var for Darwin å uttrykke teorien sin med eit allment språk og litterære verkemiddel.

Meir om det neste veke - Del II: Å tenke det nye.

Ingen kommentarer: