mandag, februar 09, 2009

Darwin über alles

Kvifor møter evolusjonsteorien framleis til dels massiv motstand, 150 år etter at den vart publisert? Dette er spørsmål biologen Eirik Tunstad stiller seg i sin kronikk i Dagbladet 6. februar. Han gir tre hovudpunkt for motstanden: misforståing, frykt og ideologi. Det vi er redd for er, i følgje Tunstad, å innrømme at mennesket eigentlig er eit dyr. Å setje dette menneskesynet som premiss, er å auke biologien sitt forklaringspotensiale. Kan biologien verkelig gi oss heile biletet?

Det er ikkje feil i seg sjølv å freiste å kome med biologiske forklaringar på menneskelig åtferd. Men det er fort gjort å berre sjå gjennom brillene til den teorien du likar best. Så når Thomas Hylland Eriksen er redd for at darwinistisk vitskap truar med å sementere eit einauga blikk på livets mangfald, så er det eit slikt einauga blikk Tunstad her gir. Å slå fast at mennesket eigentlig er eit dyr, er ein essensialistisk og reduksjonistisk påstand. Om fysikaren forklarar danning av nye artar berre med omsyn til kvarkar og atom, så håper eg at også Tunstad synest noko manglar i biletet. Likeeins vil det være å einsidig nytte evolusjonsteorien til å forklare menneskelig åtferd. Det bør vere eit varsku når teorien du nyttar faktisk kan forklare alt. Då har ein flytta seg frå vitskapen over i det dogmatiske.

Like viktig som å forklare kva ein teori kan forklare, er det å erkjenne at ein teori aldri kan gi heile biletet. Store overtramp på menneskeverdet har vorte gjort gjennom eit einauga og sementert syn på utviklingslæra. Gong på gong har den same utviklingslæra vist oss at biologien er uendelig mykje meir mangfaldig og kompleks enn vi kunne førestille oss. Nettopp difor er det viktig å unngå eit reduksjonistisk syn på mennesket. Nettopp difor må vi holde klart for oss det faktum at mennesket eigentlig både er atom, dyr, medmenneske, samfunnsaktør, og mykje meir.

Dagbladet fortset debatten her.

tirsdag, februar 03, 2009

Youngstorget-Snåsa tur-retur.

Bjarne Håkon Hanssen, Olav Gunnar Ballo og Helga Pedersen kastar seg på den alternative bølgja. Det må dei jo berre gjere, men eg synest ikkje det er for lite å forlange at dei bør

1) tydelig skilje sine roller som politikarar og privatpersonar når dei kjem med slike utsegn. Dette er ikkje uskuldige utsegner, dei er ein miks av religiøse, ideologiske, verdimessige uttrykk. Er dette måten Ap og SV forheld seg til religion og vitskap?

2) om dette vert sagt i politisk augemed, ta dei konsekvensane som følgjer i helse-og forskingspolitikken, nemlig ei endring i pengestraumen over på sine føretrekte behandlingsformer. Dei bør også ta helsekonsekvensen av desse behandlingsformene.

Som Prof. Kristian Gundersen sa, så er dette verknader som har vorte omfattande studert. Når Helga Pedersen seier ho er lei av den arrogante haldninga til dei som avviser Snåsamannen sine evner, så er det ingen ting anna enn særs ignorant ovanfor den kunnskapen og innsatsen som har vore gjort på desse tinga. Berre fordi ein sjølv syns, betyr det ikkje at verden skal sirkle kring din intuisjon.

Eg kan gjerne gjenta meg sjølv frå førre blog-post: Noreg er ingen stor forskingsnasjon. Utsegner som dette, om dei skal setjast inn i ein helsefaglig kontekst, gjer helsefaglig forsking til narr. Om det skal sjåast på innan ein livssynskontekst så er det ganske tradisjonelle religiøse ytringar. Ballo, Pedersen og Hanssen bør bestemme seg for kva korg dei vil legge uttalingane si så raskt som råd.

Ellers kan vi føre inn kreasjonismen i skulen med det same.

søndag, februar 01, 2009

Biokjemisk stemningsrapport - Røros 2009


NBS (Norsk Biokjemisk Selskap) hadde sitt årlige kontaktmøte denne helga, på Røros. Her var alt frå bachelorstudentar til Fedon Lindberg-klinikken, til storleikar som J. Craig Venter og nobelprisvinnar Robert Huber. Også K. West-redaksjonen sine melemmar la fram si forsking.

J. Craig Venter er noko så sjelden som ei bioteknologisk superstjerne, og i den vanligvis litt snusfornuftige vitskapsverden er egoet hans lett å legge merke til (han brukar det antakelig som branding, litt som Sponheim). I sin presentasjon fortalte han om nokon av sine prosjekt, som vi også har skrive om på denne bloggen før.


Det Venter skal ha kred for, er at han faktisk maktar å tenke utanfor boksen (noko som mange seier, men få gjer), og at han set planane ut i livet på slike måtar som har store ringverknader for forsking. For å sitere Donald Trump: think big and kick ass.

No skal ein sjølvsagt ikkje sluke ukritisk, men det slår meg at han klarer å tenke i større liner og konsept. Samstundes så viser hans forsking, som er privat gjennom dei mange firmaa han har, at det er positivt for forskinga å ha mange ulike institusjonar som drivkraft. Det er noko å tenke på også i noreg, der det meste er knytt til universitet og andre offentlige institusjonar.

Noreg er ikkje ein stor nasjon innan biokjemi, noko som skuldast finansieringssystema for forsking heller enn storleiken på landet. Men det vil ikkje dermed seie at landet er klinisk rensa for god forsking. Det seier heller at det kunne vore så mykje meir om ein hadde lagt til rette for det. Kontaktmøtet var ein god arena for å sjå kva som rører seg, for å skaffe seg litt kontakter, og for å drikke seg full.

Det mest spennande var å sjå kva moglegskapar som ligg i dei såkalla teknologiplatformane. Det vil kort sagt seie at ulike institusjonar får i oppgåve å bygge opp kompetanse på visse typar metodar og teknologiar: informatikk i bergen, systembiologi i trondheim, proteinstruktur i Tromsø etc. Det som då vert viktig er å sikre at desse gruppene får halde fram å vidareutvikle seg, for ein ting bransjen slit med er kortsiktig tenking. Politiske vedtak går som ein vimpel etter fancy buzz-ord, og i iveren etter å vere cutting-edge hiv ein seg på ferske trendar heller enn å sørge for kontinuitet i grupper som er etablert. Jaja, nok om det.


- Quest