søndag, mai 03, 2009

Ja til EU som Noregs geopolitiske arena.

Eg har meint det lenge, og eg har vorte stadig sikrare i mi sak: ja til norsk medlemskap i EU.

Om ein ser på Europa si alt anna enn fredelige historie, framstår unionen som eit av dei største fredsprosjekta og solidaritetsprosjekta som har vore i vår del av verden. I tillegg til Noreg sin utstrakte handel og avhengigheit av Europa, deler vi også geopolitiske interesser: Noreg må velje samarbeidspartnarar, og det viser seg at dei europeiske stormaktene deler norske interesser både i høve til Russland og USA.

Og kan det verkelig vere slik at EU har kome lenger på miljøvern enn Noreg, sjølutnevnt etisk supermakt? Ja, slik er det på nokre områder. Og kva med forsking? Jau, her er vi allereie med på mange europeiske forskinsprosjekt.

Støre har sagt at EØS-avtala utan tvil er nyttig for både EU og Noreg, men at eit medlemskap ville gitt enda større fordelar.

Neida, ingen er perfekt. Heller ikkje EU. Men så er spørsmålet: skal ein sitte på gjerdet i all tid, eller skal ein ta del i det som faktisk eit unikt europeisk samarbeidsprosjekt, og så jobbe for endring av det ein er ueinig i?

Ja.

2 kommentarer:

Anonym sa...

EØS-avtala er naturlegvis forferdeleg, men ville det ikkje ha vore betre å få ei handelsavtale som ikkje batt oss til dei ofte dumme, ofte bra EU-påfunna, men lét oss styra oss sjølve? Eg erkjenner at det kjem mykje bra frå EU, men eg skjønar ikkje anna enn at den nasjonale sjølvråderetten vår vert oppeten på stort sett alle politikkområde som har noko å seia, samt at dei fire marknadsliberalistiske fridomane altfor ofte ser ut til å få førerang framfor sosiale omsyn. Er ikkje det problematisk?

k.west sa...

Hei,

overnasjonalitet kontra sjølvråderett er problematisk, det eg einig i. Så det vert alltid eit spørsmål om kva ein kan vinne i høve til kva ein gir opp.

Slik som det er i dag skal eg freiste meg til å seie at Noreg kan stå støtt utanfor EU, på grunn av olja, og at ein riktig nok vil ha økonomiske fordelar med å gå inn i EU, men at desse ikkje er så store at det er verd å gi opp sjølvråderetten, og at EØS er ei avtale som er balansert etter vårt behov med omsyn til dette (medan eg skriv dette føler eg det er naudsynt å nemne at eg ikkje kan så mykje om det enorme saksområdet som er EU og Noregs utanrikspolitikk, og at mine resonnement baserar seg på, i likskap med svært andre sine resonnement, brotstykke, haldningar, førestillingar og fordommar. La oss heller seie at det opnar til debatt:)). Dette vil derimot ikkje halde seg i all eve, og ein vil kunne oppleve ein situasjon der eit EU-medlemskap vil vere til stor økonomisk hjelp, slik Island nett ypparlig har demonstrert.

Ang. markedsliberalismen i EU så er jo dette ein fordel eller ei ulempe alt etter kva politisk ståstad ein har. Sidan det er fleire sosialdemokratiske parti til makta i europa, må ein vel då prøve å påverke gjennom å samarbeide på dei politiske arenaane ein kan. Her er det jo også verdt å nemne at venstresida i Europa visst nok er meir EU-vennlig enn den ein ser i Noreg, og kanskje med god grunn? Eg har vanskelig for å sjå på pengestraumen frå vest til aust i kjølvatnet av EU-utvidinga i aust-europa, som noko anna enn det største solidariske prosjektet som har vorte gjennomført i europa nokon gong.

Poenget eg ville fokusere på i innlegget var at det er andre omsyn enn dei økonomiske/juridiske som er relevante i Noregs forhold til EU, nemlig det geopolitiske. Og her meiner eg konfliktlinene mellom Europa og både USA og Russland peikar i retning av at den militære og geopolitiske mikromakta Noreg kan ha godt av å alliere seg med nokon som har felles interesser.


Beste helsing K. West