fredag, november 30, 2007

Meir mellom himmel og jord

Eg kom over denne interessante artikkelen i Magasinet på nett. Merkelig nok legg Magasinet alltid dei beste artiklane ut på nett, medan papirutgåva fyllast med emo-porno som sementerar det eg vil kalle ein ikkje alltid positiv kvinnerolle). Iallefall er alternativ medisin eit svært interessant felt. Og eg er ikkje den som skal avfeie det som kvakksalveri slik utan vidare.


Det dreiar seg altså om homeopati. Dagbladet henviser til denne artikkelen i Guardian, som er vert å kike på.

Dei to interessante problemstillingene, slik eg ser det er
1. Korleis naturvitskapen forheld seg til homeopati.
2. Kva plass ein ser føre seg homeopati i samfunnet (kanskje det mao vert korleis egser føre meg homeopati)

Det som er interessant med homeopati, er at dei ser føre seg ein vitskapleg forklaringsmodell, som riktig nok baserer seg på nokre fysiske lover som tradisjonell vitskap rettar seg etter. Men det er like fullt ein type fysikalsk-kjemiske lovmessigheiter (så vidt eg veit) som ligg bak tanken om at virkestoff som framkallar symptom som er lik sjukdomen dei skal behandle, i fortynna form gjennom vassmolekyla skal påverke organisma i ein terapi-prosess. Dette gjer at homeopatien på ein måte vert komensurabel med naturvitskapen, i motsetning til for eksempel fotsoneterapi, der ein først må omsetje energibaner til biokjemiske termer før ein klarer å gjere ei samanlikning; ei samanlikning som vil lide av brotet mellom to paradigme. Når legen i Guardian-artikkelen så beskyldar homeopatien for å vere i overkant reduksjonistisk i høve til kva som kan forklarast biokjemisk, med aksen medikament-virkning, er det jo litt artig. Vanligvis er det jo naturvitarane som vert skulda for dette, men Goldacre henviser til medisinen, der ein for lenge sidan har byrja å ta høgde for placebo-effekta sine krinkelkrokar og overraskane vendingar.

Til tema nr. 2, så er den vanlige innvendinga mot mykje sokalla alternativ medisin at det er greit intill sjamanen (et al) overtalar pasienten med langt framskriden kreft til å slutte på den medisinske behandlinga til fordel for den alternative. På den andre sida har ein skuldingar av skulemedisinen for å vere arrogant, med henvisninger til skulemedisinen si korte historie, begrensningar, og det at den fleire gonger har teke til seg "alternative" metodar den først har fordømt, når den først har klart å omsetje det til sitt eige språk. Om ein er løysingsorientert, ville ein tru at homeopaten skulle vere glad for om det siste skjedde, at ein klarte å gjere testar som gjorde at homeopati kunne inkorporerast i den vitskaplige ideologien. Men slik eg har forstått er slike testar prega av at testanen av homeopatane sjølv ikkje har skikkelige kontrollar, medan testane som har kontrollar ikkje viser ulikheit mellom placebo og homeopati. Basert på dette skulle ein tru at homeopati burde tillatast, men ikkje som legemiddel.

hmmm....vi sjokkerar igjen ved å kome med ein heilt ordinær konklusjon. jaja, for å sprite det opp litt kan vi jo seie:

Dei som ligg for døden, og har lyst å kutte ut vanlig medisin for homeopati, skal få lov til å benytte si o så berømte frie vilje, og få lov til å ta ansvar for eigne val. Så får ein sjå korleis det går. Og om det ikkje går bra, får vi ta ein skikkelig debatt med vedkomande som var ansvarlig rådgivar for vedkomande. Hah...

lørdag, november 24, 2007

Plipp plopp plopp plipp ...


Eg lurer avogtil på om Bergen ein dag kjem til å skli rett i byfjorden. Denne byen må ha eit svært vannfast fundament.


Som ei trøst viser macen min at det er -7 grader og strålande sol i Bergen i dag. Synd å sitte inne i slikt fint vintervær.

mandag, november 19, 2007

Akk - Motens slaveri



Den norske stats førstedame, og kone til formannen i Det Norske Arbeiderparti, Ingrid Schulerud går, i forbindelse med åpningen av Designdagene, hardt ut mot ensrettingen i norsk designsmak. Schulerud, forøvrig ulastelig antrukket for anledningen, sier at alle hennes venner har de samme Arne Jacobsen-møblene. Kjedelig.

Ingen kommentar er hittil gitt fra vår kommende dronning, og norsk design's høye beskytter, HKH Mette-Marit.







Arne Jacobsen: Populær mellom medlemmer av Det Norske Arbeiderparti

søndag, november 18, 2007

Nyhende.


K. West gir deg det siste først!

Filosofiske nyhende:
- Den austerikske filosofen Ludvig Wittgenstein er ueinig med den britiske filosofen i korleis meining vert uttrykt i språket. "Ein proposisjon vert ikkje meiningslaus berre fordi det proposisjonen omtalar ikkje finnast! Den vert då usann" seier den unge og lovande. Russell vil enda ikkje kommentere saka.
- Den tyske filosofen og lingvisten Frederich Nietzsche seier han ikkje vil godta at subjektet skiljast frå det subjektet gjer. Nykantiansk foreining svarer i ei pressemelding: "Wir kønnen nicth dieses Unsinnes ernst nehmen". Dei har vidare beteikna Nietzsche sine arbeide som "hippie-ræl".

Andre nyhende:
- Fotball-laget Brann frå Bergen har vunne fotball-serien. Glade sjeler stilte seg opp på festplassen denne helga for å synge "heia den som vinner" og feire god sports-ånd.
- Facebook-gruppa "Akademikere for avsetting av Djupedal som kunnskapsminister" har opplevd eit regelrett medlemsras i det siste. "Her må vi ha ei evaluering for å sjå kva vi har gjort feil" seier administrator for gruppa.