fredag, november 30, 2007

Meir mellom himmel og jord

Eg kom over denne interessante artikkelen i Magasinet på nett. Merkelig nok legg Magasinet alltid dei beste artiklane ut på nett, medan papirutgåva fyllast med emo-porno som sementerar det eg vil kalle ein ikkje alltid positiv kvinnerolle). Iallefall er alternativ medisin eit svært interessant felt. Og eg er ikkje den som skal avfeie det som kvakksalveri slik utan vidare.


Det dreiar seg altså om homeopati. Dagbladet henviser til denne artikkelen i Guardian, som er vert å kike på.

Dei to interessante problemstillingene, slik eg ser det er
1. Korleis naturvitskapen forheld seg til homeopati.
2. Kva plass ein ser føre seg homeopati i samfunnet (kanskje det mao vert korleis egser føre meg homeopati)

Det som er interessant med homeopati, er at dei ser føre seg ein vitskapleg forklaringsmodell, som riktig nok baserer seg på nokre fysiske lover som tradisjonell vitskap rettar seg etter. Men det er like fullt ein type fysikalsk-kjemiske lovmessigheiter (så vidt eg veit) som ligg bak tanken om at virkestoff som framkallar symptom som er lik sjukdomen dei skal behandle, i fortynna form gjennom vassmolekyla skal påverke organisma i ein terapi-prosess. Dette gjer at homeopatien på ein måte vert komensurabel med naturvitskapen, i motsetning til for eksempel fotsoneterapi, der ein først må omsetje energibaner til biokjemiske termer før ein klarer å gjere ei samanlikning; ei samanlikning som vil lide av brotet mellom to paradigme. Når legen i Guardian-artikkelen så beskyldar homeopatien for å vere i overkant reduksjonistisk i høve til kva som kan forklarast biokjemisk, med aksen medikament-virkning, er det jo litt artig. Vanligvis er det jo naturvitarane som vert skulda for dette, men Goldacre henviser til medisinen, der ein for lenge sidan har byrja å ta høgde for placebo-effekta sine krinkelkrokar og overraskane vendingar.

Til tema nr. 2, så er den vanlige innvendinga mot mykje sokalla alternativ medisin at det er greit intill sjamanen (et al) overtalar pasienten med langt framskriden kreft til å slutte på den medisinske behandlinga til fordel for den alternative. På den andre sida har ein skuldingar av skulemedisinen for å vere arrogant, med henvisninger til skulemedisinen si korte historie, begrensningar, og det at den fleire gonger har teke til seg "alternative" metodar den først har fordømt, når den først har klart å omsetje det til sitt eige språk. Om ein er løysingsorientert, ville ein tru at homeopaten skulle vere glad for om det siste skjedde, at ein klarte å gjere testar som gjorde at homeopati kunne inkorporerast i den vitskaplige ideologien. Men slik eg har forstått er slike testar prega av at testanen av homeopatane sjølv ikkje har skikkelige kontrollar, medan testane som har kontrollar ikkje viser ulikheit mellom placebo og homeopati. Basert på dette skulle ein tru at homeopati burde tillatast, men ikkje som legemiddel.

hmmm....vi sjokkerar igjen ved å kome med ein heilt ordinær konklusjon. jaja, for å sprite det opp litt kan vi jo seie:

Dei som ligg for døden, og har lyst å kutte ut vanlig medisin for homeopati, skal få lov til å benytte si o så berømte frie vilje, og få lov til å ta ansvar for eigne val. Så får ein sjå korleis det går. Og om det ikkje går bra, får vi ta ein skikkelig debatt med vedkomande som var ansvarlig rådgivar for vedkomande. Hah...

Ingen kommentarer: