søndag, september 02, 2007

USA kyst til kyst: rætrospekt


Akk o've, det er 10 grader C i Bergen, og Fylkeshuset kan nok ei toppe skylinen på Manhattan. Men loppene i blodet er i ferd med å stilne, og grovbrød tyggast med fornya glede.

Det er tid for tanke, sågar ettertanke. Kva har ein eigentlig lært på veg over Dei forente amerikanske statar? Har ein vakse som menneske og individ tilstrekkelig til at kan unnskylde å ha påført vår alles klode ei større klimaforverring på ein månad enn ein somalisk klan ville ha klart på eit heilt liv? Kanskje utbyttet av turen først og fremst vil avtegne seg i form av eit knippe fyllehistorier som veks i omfang for kvar gong dei vert gjenfortalt. Eller kanskje vil turen vakne ein aktivisme og ei politisk bevisstheit som gjer oss i stand til å forstå, og bygge bruer, og handle på ein meir reflektert og nyansert måte? Det er på tide å stille spørsmål; dei rette spørsmåla. Dei må stillast.

1. Kva er eg nøgd med på turen?
Det eg er mest nøgd med er nok at vi var i kontakt med lokalbefolkninga, først i California, og så i Harrisburg Pennsylvania. Det var noko ein sakna for eksempel i New York, der ein hadde ei kjensle av å betrakte byen frå utsida. Som gjest i eit hus fekk ein eit glimt av innsida.

2. Kva kunne ha vore gjort annleis?
Eg angrar nok litt på at eg ikkje kjøpte souvenirar i Trump Tower. Her kunne ein fått koppar med påskrifta "You're fired", eller bøker som "How to think like a billionaire".

3. Ville du ha stoppa om du køyrde på eit lite eller mellomstort pattedyr?
Nei.

4. French fries eller freedom fries?
Ja takk begge deler.

Det var nok verdt det, ja. From sea to shining sea!

Ingen kommentarer: