lørdag, juli 14, 2007

På sporet av den tapte tid X: den gjenfundne tid


”Den gjenfundne tid” avsluttar Marcel Proust sitt livsverk på eit nesten pedagogisk vis, med ei uttalt målsetjing om forfattaren sitt kall. Etter å ha lest eit verk som dette, som både i kraft av sin eigen kompleksitet, innsikt og eleganse, og i kraft av dei miljø den gir oss innsikt i, kan ein ikkje lenger halde fast på ei førestilling om at historia er styrt av ein dialektisk progresjon mot stadig høgare samfunns -og åndsformer, om ein no skulle finne på å tru noko slik.

Likeeins er den observasjonsevna som har vore i stand til å ikkje berre observere og registrere, men også å formulere denne elegansen; korleis elegansen utviklar seg og vinn si meining innanfor ei sosial sfære – eit vitne om korleis kunsten, anten det no er i kraft av å kome frå ein begava kunstnar, eller å vere eit uttrykk for samtida sine straumningar (det kan vere det same nett no), kan romme materiale som dei etablerte vitskapane enda ikkje har fått tak på.

Og når ein ser på kva målsetjing Marcel Proust har sett seg for sin roman, er det ikkje rart den har teke den forma den har. Han set seg nemlig til mål å gripe den røynda som vanen, med tida si hjelp, tilslører for oss ettersom vi vandrar dei same stiane inn i erindringa, og langs desse ser dei stadig meir kjende omgivnadane som vi etterkvart tek for å vere det livet vi faktisk har vore gjennom. Her har litteraturen ein rolle, meiner Proust, ved å gje verkty både til å mogleggjere eit brot vekk frå desse stivna erindringane, inn i det ustrukturerte som ligg ikring, og til å tolke dette mylderet som utgjer det fullstendige lageret av minner som om ikkje gitt ein tolkingsnøkkel, vert liggande som ei grunnstemning ein ikkje kan gjere reie for i det den gjer sin inntreden på nærast uforståelig vis i det kjende landskapet som vanen har innreia.


Etter eit år er føljetongen om Marcel Proust ferdig. Neste post: Magnus Marsdal sin "FrP-koden", og Runar Døving sin "Rype og lettøl" - to bøker om Noreg i 2007.

Ingen kommentarer: