mandag, mai 29, 2006

Hola!

Vi i K. West redaksjonen har hatt fri nokre månedar, og i mellomtida har vi, på utallige oppfordringar, skifta rede frå MSN til Blogspot, og på enda fleire oppfordringar, teke til å blogge att (det kan også ha noko med at det nærmar seg eksamen, og trangen til å gjere heilt andre ting er aukande). Vi i redaksjonen håper å kunne underhalde, provosere, irritere, engasjere og facinere våre leserar framover, breddfullt med nytt stoff, nye spaltar, nye innfallsvinklar, og sjøvsagt litt av det gamle som ein er så glad i, alt pakka inn i eit friskt, nytt format, og eit språk som får Per Egil Hegge til å dekonstruere i berre gremmelse.

Vel opna!

Redaksjonen.

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for invitasjonen til denne flotte opninga av bloggen ”k west”. Eg må desverre inrømme at eg av ukjente grunnar gjekk glipp av den første versjonen. Det gjer godt å sjå at nokon nyttar seg av denne fantastiske internetteknologien til å fronte ytringsfridomen si sak. I desse neoimperialistiske tider, er det det viktig at det det frie ord får penetrere gjennom alle samfunnlag. Eg håper denne bloggen vil stå som ein bauta blant useriøse bloggar, og vise veg til betre tider.

Vil gjerne utbringe ein skål til k west og redaksjonen for godt utført arbeid!