onsdag, juni 25, 2008

Fest borrelåsen: Venezuelabrev 1.

Det er ein verden der ute, og ein må vere forsiktig så nissehua ikkje gror fast. K. West reiser difor fredag frå Oslo til Caracas, Venezuela (men pakkar allereie i dag, fordi han tek kveldstoget til Oslo i morga). 

Nei, det er ikkje snakk om å melde seg frivillig til Hugo sine styrker mot Colombia, det er heller snakk om å utforske eit land som eg veit særdeles lite om. Oppsummert:
- det har eit av dei høgaste biologiske mangfolda i verda
- det har ei laus kanon av ein president
- der er mykje kriminalitet (og eg har veldig lite lyst å miste det nye kameraet mitt, så eg har difor tatt reise-rådet "ikkje sjå rik ut" veldig på alvor i pakkinga).
- det er regnskog, høgfjellsstepper, meksikansk gulf og mykje anna artig
- den beste måten å kome seg rundt på er med buss. så eg håper det blir ein del buss.
- dei snakkar spansk, eit språk som ikkje beherskast av K. West-redaksjonen. Puta ... Quanta costa Cerveza!!!! Tequila? Tequile por favor, si si, muchos gracias degos. Gringo?? No no..osv 

Nokon vil spore ei viss orientalisme i dette synet. Det kan vere rett. Ellers har eg hatt som vane å fange insekt som eg har hatt med meg heim på ulike reiser. Det er eg litt usikker på om eg tør her:
- Insecto! Endangero, Gringo, endangero!
- Parton, sir?
- Enprisenmento solitero vitae totalo, minimum!
- Parton?
- Morte morte!
- ???

Jau jau, turen varer i tre veker, og vi skal sjølvsagt rapportere med saftige drypp frå Sør-Amerikas eh Venezuela.

Onkel reisende West

søndag, juni 22, 2008

Biolog bli ved din lest! Eller?

Kva er grensene for biologisk kunnskap? I kva grad kan biologisk kunnskap vere avgjerande for til dømes politiske slutningar? Og i kva grad kan ein nytte biologi i forklaring av samfunnsmessige fenomen? 

Det eg opplever som dei to hovudposisjonane i denne debatten er:
1. Biologisk kunnskap har ingen ting å seie deskriptivt og/eller skal ikkje ha noko å seie av prinsipp normativt (vanlig der sosialkonstruktivisktiske argument står sterkare).
2. Biologien gir oss ramma, og er eit viktig referansepunkt. Biologien er i somme tilfelle heva over politikken, og fungerer då som eit nødvendig referansepunkt for politiske slutningar.

Mi fundering over dette kjem frå den føregåande artikkelen, samt den påfølgjande diskusjonen, der eg følte at eg drøfta både samvitsfullt og usamvitsfullt.

Eg opplever at dei stemmene som manglar i denne debatten er det mangfoldet av meininger som finnast innan det biologiske fagfeltet. Det er eit varsel når ein mudderdyr-ekspert får så mykje spalteplass. Kvar er evolusjonsbiologane og adferdsforskarane, eller psykologane?

...tenkjer eg for meg sjølv, for dette er jo ting som absolutt opptar folk! Og som mange har sterke meinigar om. 

Og ikkje berre det. Ein professor på vårt institutt sa i ein lys augneblink "Ein har eit ansvar som fagperson for ikkje berre å kunne forklare kva ein kan forklare med eins fagfelt, men også for kva ein ikkje kan forklare". 

Og når eg opplever at tenkjerar som Richard Dawkins vert lest av mange, og gir, etter mi meining, ein noko tendensiøs forståing av biologi, så etterlyser eg fleire som deltar i debatten om desse emna, for det er merkelig nok ofte ikkje biologar som  står steilast på barrikadene i desse debattane. Kanskje er det for kjedelig å kome som biolog og lire av seg eit "nja, tja, det er jo ikkje fullt så enkelt..."

Jaja...

mandag, juni 16, 2008

Biologi som utgangspunkt for likestilling - ei samvitsfull drøfting.

Tidligare på denne bloggen kommenterte eg det eg kalte biologisk determinisme hjå forskarar som argumenterte for at mor var den beste omsorgspersonen til barn basert på evolusjonsmessige argument. Etter å ha blitt kommentert i eit innlegg på bloggen Ars Eticha følte eg at dette var eit emne som krevde grundigare og meir samvitsfull drøfting.

Saka det henvisast til i Aftenposten er mannspanelet sitt forslag om å firedele fødselspermisjonen. I denne saka seier forskar i human adferdsøkologi Terje Bongard
"Kvinner er mer opptatt av barna sine enn menn. Sånn er vi selektert. Det har tatt mange hundre tusen år å utvikle følelseslivet vårt. Det går ikke an å skru det av med et politisk vedtak."

Biologien.
Forskar og førsteamenuensis Leif Edward Ottesen Kennair kommenterer forslaget til mannspanelet slik;
"Vi må i det minste spørre oss hva det går på bekostning av, når vi lager et oppdragelsesmiljø som avviker fra det arten vår har utviklet seg til"

Spørsmålet vert altså om menneska har genetiske ulikskapar mellom kjønna av ein slik art at det vil vere skadelig for avkommet å bryte med desse utvikla adferdsmønstera.

Kjønnlig ulikskap kallast i biologien for seksuell dimorfisme (1), og er svært vanlig. Også hjå menneske ser ein dette, både på kroppshøgd, hårvekst, kroppsfeitt med meir. Seksuell reproduksjon er ein problematiserande prosess i vidareføringa av genane. Ein organisme som formerar seg ved celledeling treng ikkje å bekymre seg over å måtte finne ein make, som så skal samarbeide. Evna til å klare nett dette vert ein viktig seleksjonsfaktor i høve til kven som får ført genane vidare i artar som reproduserar seg seksuelt. Dette vil gi ein seksuell seleksjon mellom individ med suksess, og individ utan suksess. 

Kva eigenskaper som selekterast er ulikt mellom kjønna. Generelt ser ein at den parten som skal bære fram avkommet, anten i form av egg, oppdraging eller liknande, er nøydde til å investere meir i avkommet enn den andre parten. Parental investering etablerar altså ein asymmetri mellom dei to foreldra. Hjå mange artar er det hoa som investerer mest i avkommet, inkludert mange av menneske sine næraste slektningar. 

Ein annan asymmetri oppstår i det reproduktive potensialet til kvart av kjønna. Den som er nøydd til å investere mest i avkommet, har følgjelig lavare reproduktivt potensiale (kan få færre ungar) enn den andre parten, der reproduktivt potensiale avgrensast av kor mange av det motsette kjønn den får para seg med. 

Konsekvensen av dette vert at den forelderen som må investere mest i avkommet vil vere selektiv og kresen for å skaffe det beste utgangspunktet for investeringa, medan den andre parten vil vere kompetetiv for å pare seg med flest mogleg. Ofte er det hannen som er den kompetetive, og hoa som er den kresne.

Så korleis kan ein overføre dette til mennesket? Ein har ulikskapar mellom kjønna, men studier av mekanismer og kausalitet har vore problematiske av fleire grunnar: 
- Kultur og biologi jobbar i samspel, og påverkar kvarandre - kultur påverkar seleksjon, og seleksjon påverkar kultur.
- Etiske implikasjonar hindrar ein å gjere studier på menneske som ein kan gjere på andre artar. Dei fleste studier på menneskelig adferd vert observasjonell, der ein kan sjå på korrelasjonar mellom variablar, men der det er vanskelig å halde noko konstant. 
Eit eksempel som visast til i den her nytta læreboka i evolusjonsbiologi er studier som er gjort på kroppshøgd og seksuell seleksjon. Dette er ein av dei tydeligaste seksuelle dimorfismene som observerast hjå mennesket, og ei studie viste ein liten, men signifikant, tendens til at kvinner foretrekk høge menn. Det skrivast følgelig:

"The studies we have reviewed are observational, and the associations they documented are small. As a result, the evidence they provide about causation is only suggestive"

Dette betyr ikkje at det finnast ein slik samanheng, men at ein ikkje har grunnlag, på det noverande tidspunktet, til å trekke konklusjonar. Vanskeligheita ligg i å måle reproduksjonssuksessen til menn i høve til kroppshøgd.

Når det ser ut til å vere så uavklart med eit trekk som er så pass enkelt å måle som høgd, tenkjer eg at det iallefall ikkje er noko lettare å trekke konklusjonar om kvinner sin reproduktive suksess i høve til omsorg om avkommet. Frå dette vil eg seie at ein ikkje kan trekke to strekar under svaret om at kvinner er betre omsorgspersonar enn menn.

Ovanfor nevnte Kennair ser ut til å vere einig i denne slutninga, at ein ikkje har tilstrekkelig med kunnskap innanfor dette området. I nettpraten med Kennair trekk eg at han meiner at i og med at ein nettopp har lite kunnskap om korleis barnet knyt seg til foreldrene, og at det moglegens kan ha store følger for utviklinga om ein omrokkerer desse rollene, så må ein vere føre var i høve til dette. Kennair er skeptisk til å føre inn endringar i oppseding i høve til kva forhold arten har utvikla seg i.

Eg er forsåvidt einig med Kennair i at meir forsking trengs. Det er vel ikkje så ukontroversielt. Kennair snakkar vidare om ammingssituasjonen spesifikt, noko som er ein relativt avgrensa situasjon i høve til den bredda debatten førast i. Det eg stiller meg undrande til er hans skepsis mot situasjonar som avvik frå det han beskriv som ein naturtilstand der barnet skal få ein type optimal stimulering. Om ein skulle vere føre-var mot det som avvik frå ein naturtilstand i den menneskelige utviklinga, hadde eg vel neppe site her og skrive innlegg. Det er no so, men eg kunne vel tenkt meg eit meir konkret forslag om korleis han ser føre seg at ein skal gå fram for å finne dette barnet sitt beste i høve til foreldresituasjonen. Korleis vert det med skilsmisser, aleinemødre, aleinefedre, eller foreldre som i varierande grad er skikka til å fostre opp ungar? Eg ser ikkje dei enkle og klare linene her.


Politikken.
Men det eg vidare synest er problematisk, er følgande: korleis vert det om ein lagar eit A-lag og eit B-lag av omsorgspersonar? Mange har trekt paralellar kvinnekampen, der kvinner si deltaking i samfunnet har vorte møtt med mellom anna biologiske argument. Frå den overståande drøftinga vil eg seie at det er grunn til å mistenke dei som slår biologien hardast i bordet for å nytte det som vikarierande argument. Eg siterar frå nettmøtet

"Terje Bongard og Leif Edward Ottesen Kennair setter ord på det mange mennesker tenker, men nesten ikke tør si om dagen. Som lekperson har jeg ikke kunnskap til å kunne forstå sammenhengen og forskjellen mellom den biologiske og evolusjonære utvikling hos kvinner og menn, og er takknemlig for forskernes bidrag til debatten. Kunnskap bør være grunnlaget for all politisk aktivitet. Jeg oppfordrer politikere til å sette seg grundig inn i ting før de lager politiske programmer. I motsatt fall er vi på ville veier"

Dette er eit relativt moderat utspel, men det er ein god illustrasjon på kva eg mistenker er fundamentet til mange som trekk inn biologien som rettferdiggjering for deira haldninger. Mange haldninger har ein verdikonservativ art, og ein vil sjølvsagt også tolke og forme verda utifrå sine haldninger. Slike haldninger har også vidareført kvinneundertrykking og anna, med trusselen om at går ein mot folkevettet så er ein på ville vegar. Eg skal ikkje legge det i munnen på den siterte ovanfor, anna enn at uttalelsen har eit verdikonservativt preg som blir normatitivt underkommunisert, og der ein hentar tyngde frå ei forsking ein ikkje forstår, men som ein er tilfreds med at bekreftar det "nesten ingen tør å seie". Dette er ikkje eit argument, men formidling av ei haldning; ein verdi.

Ei anna haldning som formidlast er følgande:
"Jeg er nok ikke en like god omsorgsperson som kjæresten min. Det er store forskjeller i hvordan vi takler ting, for eksempel når datteren vår slår seg. Jeg tar godt vare på henne, men tror likevel kvinner i bunn og grunn er bedre omsorgspersoner enn menn. Det har med biologi å gjøre"

Som mann må eg seie at eg føler dette er eit utsagn som gjer at eg føler meg diskriminert. Det gir mor klippekort til A-laget i omsorg, og reduserar meg til ein som kanskje kan vere til nytte når gutungen vert gammal nok til å gå på fjellet. Takk skal du faen meg ha. 

Då biologien er ein tvilsom størrelse i denne debatten, må ein kunne seie at mykje av debatten nettopp er ein debatt om haldningar. Og slik er mange mange debattar. Det å hyle om at barnet sitt beste vert ofra på likestillinga sitt alter er uredelig, og noko som framsetjast for å holde på det beståande. Likeeins er argumentet om politikerane sine "sosiale eksperiment".

Dette har med mannskamp å gjere; med kontroll over reproduksjonen, og fedre sin rett til det priviliegiet det er å vere fullverdige omsorgspersonar for sine barn.

Denne blogposten er også publisert på iNorden.

(1) Evolusjonsbiologi teke frå Freeman & Herron: Evolutionary Analysis, Third ed. Pearson Prentice Hall 2004.

mandag, juni 09, 2008

Eit lite tilbakeblikk.

Våren 2008 kan ikkje seiast å vere den mest aktive på blogfronten for K. West. Vi må innrømme at redaksjonen har vore oppteken på andre frontar. Vi skuldar difor lesarane ei forklaring på dette forsvinningsnummeret.




Som den oppvakte lesar kanskje har fått med seg, jobbar store delar av redaksjonen innan det fagfeltet som kallast molekylærbiologi, ved Molekylærbiologisk Institutt ved Universitetet i Bergen. På vår forskingsgruppe jobbar vi nærare bestemt med molekykærbiologi knytt til kreftutvikling og terapi.

Kreft har sitt utspring i endringer i kroppen sine celler, som gjer at somme celler byrjar å vekse ukontrollert. Kroppen består av milliardar celler, som alle har sin rolle for at organisma skal fungere godt, og akkurat som at alle musklar, ledd og organ må vere nøye innstilt for at ein skal fungere normalt, må alle celler innrette seg for at kroppen skal fungere. Kreftcellene sluttar å innrette seg etter dei andre cellene, og dermed vert det trøbbel.

Grunnen til at kreftceller ikkje føl ordre er fordi det skjer endringar i arvestoffet (DNA) i desse cellene. DNA er oppskrifta til ulike protein, og proteina er små "maskiner" som får hjula til å gå rundt i kvar celle. Proteina sørgar mellom anna for at cellene kan vekse. Feil i dei proteina som får cellene til å vekse, kan gjere at cellene veks for mykje. 

Problemet er at ein har over ein million proteinvariantar i menneskekroppen, som alle har ulike rollar, og deltar i ulike prosessar. Kva har med kreft å gjere, og kva har ikkje med kreft å gjere? Det er eit virvar, mildt sagt! 

Det vi gjer, er å finne nye proteintypar, og undersøke kva desse gjer. Kva prosessar er dei med i, kan dei påverke cellevekst, kva skjer når cella manglar desse proteina og så vidare. 

I vår har vi oppdaga eit nytt protein-kompleks (det vil seie ei gruppe protein som heng saman, og jobbar saman), som vi så har undersøkt og kartlagt. 

I forsking er det slik at om du held oppdagingane dine for deg sjølv, då kjem du ingen veg. Det store poenget er å kome fram til oppdagingar som ein kan publisere i eit internasjonalt forskingstidsskrift (Illustrert Vitenskap er ikkje mellom desse). Ein skriv då ein artikkel, der ein på ein noko kronglete og tørr engelsk freistar å framstille sine oppdagingar som viktige og betydningsfulle. Ein lagar figurar og bilete som underbyggjer oppdagingane, og ein drøftar kva desse oppdagingane har å seie for fagfeltet. Etter vekers slit og tenners gnissel har ein fått fine figurar, og eit bra manuskript, og ein finn  så eit passelig tidsskrift å sende det til. 

Det å velge tidsskrift er ein liten kunst i seg sjølv. Du har mange ulike tidsskrift, der Nature og Science vert reikna som dei beste. Dei vert reikna som dei beste fordi dei vert lesne av mange, og berre trykker funn som er banebrytande. Ein skal altså ha ei ganske fenomenal oppdaging for å kome inn her, og dei fleste vitskapsmenn/kvinner går livet gjennom utan å ha sjangse til å kome i nokon av desse tidsskrifta. 

Vår oppdaging var ikkje den største, og dessutan hadde vi litt dårlig tid: vi hadde konkurranse frå andre grupper som studerte det same. Om dei hadde publisert først, kunne vi eigentlig kaste hundrevis av arbeidstimar i vasken, samt at neste gong vi skal fortelle forksningsrådet kva vi har brukt pengane til, så har vi ikkje så mykje å vise til. Alt reiknast frå publikasjonar. Det var med andre ord om å gjere å få ut oppdaginga så fort som råd. Hadde vi hatt betre tid, kunne vi ha jobba meir med proteina, og laga ein betre artikkel.

Iallefall vart den sendt inn i byrjinga av april,  og den har sidan då gjennomgått ei grundig vurdering, der andre forskarar kikar kritisk kritisk på den, og vurderer om noko må forbetrast, eller om dette er så lite viktig at det er noko å trykke i det heile. Og det var det heldigvis.

Så no kan vi slappe av, og skrive blog-innlegg så blekket sprutar.

lørdag, mai 31, 2008

Drikking, dikting og dykking...

Mai i Bergen har ein tendens til å slå til på sitt vakraste når K.West sit og svettar over ein eller eksamen eller innleveringsfrist av eit eller anna slag. Så også i år. Men eg kan no sjå meg tilbake godt nøgd med eit produktivt halvår sann forskningsmessig.

Det er no eit år sidan eg leverte master ved Universitetet i Bergen, og eg har sidan då jobba i same forskningsgruppe som vitskaplig assistent i ei gruppe som jobbar med (noko som kanskje kan knyttast til) kreftforsking.

Dettte har også gitt ein fin smak på korleis forsking i Noreg fungerar (og med det ei forståing for kvifor det ikkje har vore fleire norske nobelprisvinnarar opp gjennom tidene, om ein kan nytte det som mål på noko).

Dessutan har eg merka at eg framleis trivst på universitetet, sjølv om eg også ser at universitetet ikkje er ein perfekt stad på jorda.

Men den komande veka er det diverse søknadsfristar til forlenga stillingar, og nye driftsmidlar for forskingsrådet, kreftforeininga med meir. Dei siste vekene har difor gått med på å stable på beina ein artikkel til innsending til eit tidsskrift, slik at ein kan vise til at her skjer det ting - her forskast det! Dette har vore veldig kjekt, men no må sangen få sitt.

Og med eit frekkkt bokstavrim går vi inn i sommar-månedane, og vi registrerer at
- det framleis er fint vær
- at buldreveggane på Ormhilleren er fortreffelige også i 23 grader C
- at den varme perioden har ført til at dagsvermaren vart observert på Ormhilleren. Den har eg vore på jakt etter i fleire år.
- at eg må ta med håv og eter neste gong eg er på Sotra
- at KIZZ spelar i Bergen i morga
- at eg er starchild på KIZZ-konsert i morga

Jaddah..

torsdag, mai 01, 2008

Motorpsycho Live

På Motorpsycho sin konsert på Verftet sist mandag gikk vi frå California-kysten, og inn i dei tørre tørre fjellområda kring Sierra Nevada, med arrete fjelltoppar, saltsjøar og enorme sletter. Ta med pickupen din!

Eg må avsløre at denne omtalen om Motorpsycho sin konsert på Verftet sist mandag vert ein fan-hyllest først som sist. Men for å gi det eit skjær av balanse kan eg jo seie at det løpet som vart kjørt i 2 1/2 time mandag kveld utan vidare kvalifiserte for ein hyllest. Når det likevel kvalifiserar seg er det grunna dette bandet sine særlige kvalitetar.

Siste plata, Little lucid moments, byr på 4 spor over 60 minutt, der den første er ein suite på 21 minutt. Rocke-suiten er eit fenomen som med rette har vorte noko latterleggjort i rockehistoria etter utallige pompøse forsøk på å lage rock med "klassisk musikk" vri (av vellukka forsøk er vel Yes sin The gates of delerium. Når det likevel går bra her spekulerar eg i om det er evnen til å ta med seg melodiøse parti av typen som vart reindyrka på Phanerothyme, kombinere det med ein kraftig og energisk intensitet (noko som mange progressive band manglar, var det her påverknaden frå Deep purple kom inn?), og ei forkjærligheit for det suggerande. Desse elementa kan så brytast mot kvarandre og avløyse kvarandre, og dragast ut i ein type dynamikk som kler eit lenger format, noko som mesterlig (!) framvisast i overgangen mellom del 1 og 2 på Little lucid moments. 

Tilbake til konserten, så var denne prega av den same dynamikken. Låtane vart dregne ut, og intensive parti bygde seg opp, vart rivne ned, og avløyst av melodiøse delar, eller munna ut i rolige og dvelande parti. I alt dette blandast det inn ein overraskande kompleksitet av taktskifter, klangar og støy - med den verknaden at ein gir opp å prøve å skape eit system i lydmuren, men let att auga, og let seg drive med i Motorpsycho sin sjølvuttalte Zen-oppleving.

For å oppsummere: i ein rytmisk musikk-verden som pregast av særs konservativ kultur (det er sannelig ikkje mykje grensesprenging å spore) og mykje resirkulering representerer Motorpsycho ei sjeldan, uredd og oppriktig og interessert stemme. I tillegg lagar dei bra musikk, noko som jo er eit stort pluss.

(Og som ein liten parentes: Little lucid moments vert ikkje eingong nevnt når Dagbladet oppsummerer det norske musikk-året som eit kvileskjær.)

tirsdag, april 22, 2008

Dag O. Hessen - Genenes gåte, menneskets skjebne.

Studentersamfunnet i Bergen hadde i kveld besøk av ein av dei få biologane i noreg som har gjort seg bemerka i offentligheita med biologiske emner av ikkje-teknologisk eller etisk art, altså meir faglige og teoretiske aspekt av biologien. Ikkje dårlig! Så då stiller sjølvsagt K. West full av forventning som ein del av tilskodarmengda.

Sjølve foredraget hadde sterkt preg av formidling og forenkling. Greit nok, men ein ante at han tok brodden av ein del av sine meiningar - men vi veit sjølvsagt: den som tilslører noko avslører noko anna;)

Då vart forventningane desto større til spørsmålsrunda. Her skulle det vel skytast med skyts mellom dei to kulturar, og dei reelle skiljelinene skulle kome fram! Somme kommentarar var av typen: det er ikkje nødvendigvis evolusjonært fordelaktig av mannen å vere utru, sidan det å ta vare på sine born aukar sjangsen for at dei overlever. Heilt rett, heilt rett - K. West prøvde så å kaste branfakkelen inn i debatten: vi har dårlige føresetnader for å trekke slutningar frå gen til adferd då vi ikkje kan føresjå korleis eit gen vil sjå ut på proteinnivå ein gong. Dette vil eg seie er ei bioligisk sjølvsagtheit, og det kan godt hende at brannfakkelen var eit brannslokningsapparat. Eg trur faktisk det.

Det andre spørsmålet eg stilte, og som eg ikkje fekk eit tilfredsstillande svar på, er at Hessen har gjort det spenstige at han har hevda naturvitskapen sin intellektualitet. Dette tykkjer eg er spenstig gjort, og eit friskt fråspark! Mitt spørsmål var so korleis han forheldt seg til at naturvitskap ikkje vert regna som "intellektuellt", og til korleis sosialkonstruktivismen i somme tilfelle beteiknar naturvitkskapen og dens funn som resultat av ein menneskelig sosial og kulturelt betinga prosess med sterke ideologiske og metafysiske føringar.

Dette fekk eg som sagt ikkje noko svar på kva Hessen meinte om, sjølv om han må ha følt dei to kulturane på kroppen i sine frekventeringar i Morgenbladet sine spalter med meir.

Hmpfrrr....

mandag, mars 31, 2008

Tidenes nyhendesak

Dette må vere tidenes nyhendesak!

Bilsportkonge i nazisex-video med fem prostituerte.

Om ein går inn på News of the world (ein er tydeligvis ikkje redd for å gå høgt ut når det gjeld namn på aviser) kan ein kose seg med språklig spenstige overskrifter som "Evil father was Hitler-wannabe"

Det er nesten noko poetisk over det heile, ein mediekulturell og språklig fetisj-eksplosjon.

Eg gir meg over...

onsdag, mars 05, 2008

ADVARSEL: biologisk determinisme!

Om nokon skulle byrje å lure på kvifor vi treng Ex.Phil og vitskapsetikk i høgare utdanning, så håper eg dette utspelet frå Terje Bondard og Leif Edward Ottesen kan vere ein peikepinn:

- Kvinner er mer opptatt av barna sine enn menn. Sånn er vi selektert. Det har tatt mange hundre tusen år å utvikle følelseslivet vårt. Det går ikke an å skru det av med et politisk vedtak, sier Terje Bongard, som er forsker i human adferdsøkologi ved Norsk institutt for naturforskning.
Han og forskerkollegaen førsteamanuensis Leif Edward Ottesen Kennair stiller spørsmål ved om en endring i permisjonsordningen til fordel for far kan gå på bekostning av barna.
- Vi må i det minste spørre oss hva det går på bekostning av, når vi lager et oppdragelsesmiljø som avviker fra det arten vår har utviklet seg til. Hvorfor er det ingen som spør hva som er best for barna? Er det best for barna å tredele permisjonen? spør Ottesen Kennair
.
(Aftenposten tirsdag 04. mars 2008)

For å utdjupe:
- omsorgsgenet er ikkje funne
- arv og miljø er ikkje natt og dag
- det er lite gyldig å slutte frå er til bør (ein skal argumentere ganske godt for å få naturvitskaplige påstandar til å skulle gjelde som normative reglar)


tirsdag, mars 04, 2008

Dagbladet sluker åtet.

Etter at Audun Lysbakken og Thorbjørn R. Isaksen hudfletta media si overfladiskheit i politikken, kan ein gjerne kjenne si besøkstid og påpeike visse likskapstrekk innan naturvitskapen.

I ein artikkel om Craig Venter skriv Dagblatet entusiastisk at Venter no er på veg til å kunne skreddersy mikroorganismer, og at desse skal kunne nyttast til det vi måtte finne det for godt til. 

Den anerkjente genetikaren (mi utheving) Venter har utmerka seg som ein visjonær figur med evne til å tenke "utanom boksen". Å tenke utanom det vanlige er ikkje å forakte, men visjonar er noko moderne vitskap er så fullt av, særlig knytt opp mot framstilling i offentligheita, at nøkternheit hadde vore eit kjærkome tilskot. Dagbladet kan vel knapt seiast å kome med noko tilskot i denne artikkelen.

Ei nøktern omskriving hadde vore at den kontroversielle genetikaren og forretningsmannen Craig Venter jobbar med moglegheita for å danne enkle mikroorganismer. Målet er i første rekke å få ei organisme som kan vere levedyktig, og i andre rekke å kunne tillegge denne visse eigenskapar som kan vere nyttige. Men dette er komplisert då vi enda har svært lite kunnskap om korleis sjølv dei aller enklaste organismer er sett saman.

Om Dagbladet lurer seg sjølv av uvitenheit, eller lurer leserane med hensyn til den gode historia vitast ikkje.