Herren viser kvar skapet skal stå. Men kvar skal det stå? Der han vil det skal stå.
Eg trur ikkje dette vil utvikle seg til ei full bibellesing, men etter å ha runda fyste mosebok var det ganske lett å byrje på andre. Eg merkar tredje er tyngre i fråsparket.
Som ganske mange veit, og ganske mange ikkje veit, er den sentrale protagonisten i andre mosebok Moses, motivet er utferda frå Egypt, antagonisten er denne Herren (for hvilket Farao berre er eit middel), og temaet ser ut til å vere at Herren verkelig skal setje Israels folk på prøve. Det klarar han ganske grundig. Det går ut over egyptarane, som rammast av uår, epidemiar, massemord med meir, og det går ut over israelsfolket sjølve, som titt og ofte finn på ting som å syte, klage og andre ting som gjer at Moses må rykke ut og forhandle med Herren om dei 600.ooo jødane sin blotte overleving.
Og Herren? Han framstår ikkje akkurat som slik den norske statskyrkja framstiller han:
Israelsfolket sukka og klaga over trældomen sin, og ropet deira om trældomen steig opp til Gud. Gud høyrde sukka deira, og han kom i hug pakta si med Abraham, Isak og Jakob. 2.23-24
Kva gjorde den allmektige og altsjåande gud før han høyrde sukka? Det gjekk ein god del tiår, minst. Tok han ut overtid? Dette er litt fjåsete, men poenget er at karakterane er mangefasetterte - også guden. Eg vert stadig overraska over lunene og dei uforklarlige spela og testane som vert sette opp. Kva er hensikta? I sanning uransakelig. Og slettes ikkje barmhjertig!
Så i og med at eg føreset at bibelen er eit litterært verk skapt av menneske, så er det to spørsmål: kvifor vart historiene forma på denne måten. Kva tente det til med alle konfliktene, det uforutsigbare, det beint fram kyniske? Og korleis har dette vorte omtolka til dei mange gudsframstillingane vi har i dag.
Er det ikkje nokon kristne der ute som har nokon svar?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar