tirsdag, mars 20, 2007
Kunnskap i det små, del 5: Finale le grand
Over: k. west sitt eige bilde av celler. Cellekjerner i blått, og cytoplasma i rødt.
Jadajadajada, det er tirsdag og ikkje mandag. Uansett er det på tide å runde av historia om Zamecnik for denne gong. Sist lova eg spor, spaces of representation og slikt. Ellers skal vi snakke litt om diskursar, før vi til slutt prøver å stille nokre spørsmål.
Forrige gong snakka vi om differential reproduction: det eksperimentelle systemet vil heile tida søke å undergrave det kjende ved å skaffe ny kunnskap, som vil vise den kjende kunnskapen feil eller ufullstendig. Slik må kunnskapen heile tida relokaliserast kring nye eininger.
Som vi snakka om i første del, har vi ikkje direkte tilgong til molekyla i seg sjølv, men vi set opp system der dei nye einingane kan setje spor etter seg, for eksempel ved å skiljast i ein sukrosegradient, og løyse dei opp i bestemte løysemiddel. Sukrosegradienten, og løysemiddelet er då representasjonsrom, der einingane set spor. Kva spor ein vel å ta med vidare, er avhengig av kor avgjerande dei vert for å vidareutvikle systemet av kunnskap. tRNAen som vi snakka om tidligare, vart sett på som eit sideprodukt som ein berre kasta, heil til ein oppdaga at den var svært anvendbar innanfor systemet. Faktisk så anvendbar at alt det ein visste om proteinsyntese no vart sett i lys av tRNA. tRNA var ein stor suksess. Eksperimentelle kulturar blir bygd opp på denne måten, gjennom kompetanse om og bruk av bestemte eksperimentelle system, der dei epistemiske einingane opptrer gjennom spor i representasjonsrom. Produksjonen av slike spor vert kalla inskripsjon. Kva spor som vert produsert er ikkje tilfeldig: det må vere konsistent med andre delar av systemet (sjølv om ein kan tåle nokre motseiingar heilt i forskningsfronten, må dei nye spora vise seg å vere konsistente om dei skal inkorporerast i systemet). Referansepunkta vert då resten av systemet.
Vidare hadde molekylærbiologane kome på sporet av DNA som arvestoff, og ein oppdaga at det var eit bindeledd mellom DNA, som oppskrift, og proteinsyntese, som sette oppskrifta i livet. Dette bindeleddet var messenger RNA (mRNA). Ein snakka no om ein informasjonsveg, der informasjon vart overført frå DNA av mRNA til ribosoma, og oversett til protein av tRNA. Dette var ikkje eit vokabular som Zamecnik og venner var vande med som biokjemikerar. Dette var molekylærbiologi-språk. Dei to fagfelta hadde overlappande interesseområde, men ulikt vokabular, ulike forståingsmodellar, og ulike forskarkulturar: ulike diskursar. Det viste seg, etterkvart som tRNA og mRNA kom inn i bildet, av det var nyttig å forstå dette innanfor ein molekylærbiologisk diskurs. Det skjedde slik ei hybridisering av dei to kulturane, der biokjemikerane måtte lære seg å snakke om informasjonsvegar, medan molekylærbiologane måtte lære seg om ultracentrifuger og metabolske intermediat. For å oppnå eit konsistent system av informasjon, måtte ein altså veksle mellom ulike eksperimentelle system.
Dette var uten tvil ei artig bok å lese. Men spørsmålet som røyser seg for min del er KVA SO? For å drive litt intern kritkk: det er vel og bra, kjekt, spenstig og spennande for tanken å freiste å forklare vitskapen frå nye innfallsvinklar, men det er jo vitterlig mest filosofane sjølv som bryr seg om dette. Det handlar om vitskap, men dei som driv med vitskap bryr seg ikkje så mykje om det. Og det er ikkje fordi dei er ignorante. Svært mange som held på med naturvitskap er opptekne av at prosjekta skal få så stor gjennomslagskraft som mogleg. Ein vil publisere artiklar i Nature, og gjere banebrytande og spennande oppdagingar, både fordi ein er nyskjerrig, fordi ein vil ha ære og berømming, og fordi ein får pengar til vidare forskning. Ein er i denne prosessen på tå-hev for alt som kan fremje si forskning. Epistemologi, altså kunnskapsteori, har hatt mest gjennomslagskraft innan samfunnsvitskapane, nett av denne grunn. Det er i desse heilt vanlig at metodekapittela i publikasjonar inneheld teoretiske og epistemologiske overvegingar. Dette er ikkje vanlig innan naturvitskap på same måte. I molekylærbiologi består metodekapittel av oppramsinger av tekniske framgangsmåter. Det kan vere nyttig å vete om teorien om paradigmeskifter, eller om skeptisismeproblemet for å unngå å bli dogmatisk. Slik har vitskapsteorien i høve til naturvitskapane hatt mykje å kome med i høve til forholdet vitskap/samfunn, men den har ikkje lukkast å setje dagsorden i høve til korleis vitskapen sjølv tilegnar seg kunnskap. Sjølvsagt finnast det hederlige eksempel, men i det store å heile har bøker som denne, som er skrive av Hans-Jörg Rheinberger på erverdige Max Planck, sørgelig lite å seie for dei som verkelig burde hatt eit øyre epistemologien: dei som produserer ny, naturvitskapleg kunnskap.
Moglegens kjekk lesning, om du har lest alt dette:
- Om det ser ut som ei and og høyrest ut som ei and...
- Eit svært luftig, men akk så genialt prosjekt
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar