onsdag, oktober 27, 2010

Forsker Grand Prix 1

Kjekk norsk ungdom forskningsformidlar på Forskningsdagane 2010.

torsdag, august 12, 2010

Kva gjer Sp med monstermastene?

Vi prøvar oss på litt politisk analyse av sommarens store sak, monstermastene i Hardanger.

Det er å lese i dagens aviser at det har vore sur melk mellom SV-Kristin og Sp-Liv: SV er imot og Sp har forsvart monstermaster (som dei så lyrisk har blitt kalla). Ap er for men må tenke på valget, og tar ei "utredning" til før dei gjennomfører det som allereie har blitt bestemt, no utan å vere arrogante.

Ap er som Ap har vore. SV er nok mot monstermaster av estetiske kose-grunnar, men kvifor er Sp for? Sp, som har fått mykje av sin energi frå by/land-konflikter, eit interesseparti, nesten ein interesseorganisasjon for distriktsnoreg: med si sidetaken i denne saka, blir ikkje dei då berre ein filial under Ap? Av alle partia er det Sp som har mest å vinne på å vere mot monstermaster.

Monstermaster: for eller mot?
Når det er sagt kan ein spørje seg om ein ser rett i denne saka. I Hardanger har ein folkeaksjon mot monstermaster og for bru. Ein sjøkabel vil bli dyrt, usikkert og føre til inngrep i naturen (norske fjordar er djupe. Hardangerfjorden er 800 m djup v Nordheimsund). Luftspenn er sjølvsagt heller ikkje optimalt, men det er fleirfoldige luftspenn over norske fjordar, over turistfjordar slik som Nordfjorden og Sognefjorden. Det er framleis turisttrafikk i desse områda. Faktisk ganske mykje. Ingen ser ut til å ta notis av luftspenna. Dei kan tilogmed demonterast når ein ikkje treng dei lenger.

Det er i det heile ein del dilemma i norsk landskapsvern. Eg nemnde lenger oppe at bru har vore ivra for i Hardanger. No veit eg ikkje om dette kan samanliknast med master direkte, det var meir eit retorisk poeng. Men det som er eit poeng er at vegutbygging fører til store landskapsskader i norsk vestlandsnatur. Dei fleste norske fjordar, og eit stort antal naturområder har særs synlige og store veiskjeringar. Desse vert det ivra for i distriktsnoreg, for ein vil ha veg. Det er noko positivt. Og då tar ein ikkje 5 øre for å påføre landskapet sår som ein ikkje kan fjerne når ein ikkje treng dei lenger, slik ein kan med elektrisitetsmaster.

I lys av dette framstår Hardangersaka som ei boble.

K(yrre Nakkim) West

Vestlandsk sommarlesing: Espedal/Smith

Vel tilbake til Bergen frå sommarferie i Postkortnoreg har eg vore gjennom to små-bøker frå premielønna vestlandsforfattarar, nemlig Imot kunsten av Tomas Espedal og Austerrike av Nils Henrik Smith.

Fine things first så er begge bøkene godt skrive. Kanskje særlig Imot kunsten, med Espedal som er kjent for sitt poetiske språk. Det sterkaste i denne boka er språket, og hans måte å beskrive den vesle delen av verda han eller hans formødre/fedre befinn seg i (som ofte ikkje er mykje: eit hus, eit skrivebord, eit strekk i ein by, ei leilighet; ei proustsk kjensle for rom).

Det eg likar best med Austerrike er at den er så kort og fragmentert, og det som vert fortalt er så urovekkande, absurd og uavklart at det opnar opp for min eigen tanke til å spinne vidare, leda i makabre retningar gjennom vink i teksten - gjort på ein elegant og til dels morosam måte.

Kritikken gjeld begge bøker, og kanskje den treff bom: dei kjennest einsidige. For Imot kunsten er den einsidig i det at den er gjennomsyra sentimental. Heile boka er sentimental i sine beskrivingar. For Austerrike vert det opna opp eit rom til ei historie gjennom ein person, men også her er det ei grunnstemning gjennom heile boka, utan at eg heilt klarer å setje ord på kva denne er.

Kritikken er kanskje bom fordi ein må vurdere verk på sine eigne premissar, og dette er korte bøker. Men like vel så 1) kjennes dei einsidige i høve til det livet dei forheld seg til, som varierar i grunnstemninger hit og dit på mange måtar, og 2) så gjer det at dei kjennest uferdige, som om dei er ei side av fleirsidige polyfoniske verk.

Vel vel, kanskje ordkløyve/gyte-ri.

No kjem hausten.

mandag, juli 19, 2010

Hemingway - Farvel til våpnene

Etter å ha lest Knausgård tenkte eg: no lese ei gammal bok, og drog ut Ulysses frå bokhylla. Etter ei halv side sette eg den tilbake og drog ut Farvell til våpnene av Ernest Hemingway i staden.

Eg har lest nokre av novellene før, og dei ligg i meg som ei stemning av ferie i andre land. Både fordi eg las dei på ferie, og fordi dei manar fram eit heilt anna lys enn det ein finn her heime.

Farvel til våpnene (1929) føl ein amerikanar som har verva seg som ambulansesjåfør på italiensk side under kampane mot Austerrike-Ungarn i Nord-Italia under første verdskrig, ikkje ulikt det Hemingway gjorde i eige liv.

Så mykje er sagt om Hemingway sin appell til unge menn: mannsrollen, kampen, det tause og firskorne, døden og skjebnen. Kvinna og krigen. Så også denne boka legg seg i dette temperamentet. Og her er eg ikkje sikker på om eg heng med. Det vert for romantisk for meg: livet, døden, kjærleiken. Krigen og kvinna. Den var bra, intet med det. Språkføringa var glimrande - bak det eg mistenker er ein noko dårlig oversetning av Herman Wildenvey. Den berømte knappe stilen som seier så mykje med lite.

Men altså, temperamentet traff meg ikkje. Men det er strengt tatt mitt problem.

Knausgård - Min kamp 4


O'forfylla ungdomstid og skjødeslause hurtig-skriving.

Eg har havna bakpå Knausgård-sagaen. Det er litt mi eiga skuld. Etter å ha lest del 3 byrja eg rett på "Ute av verden". Overdosen var eit faktum.

Men no, altså, er altså #4 lest og fordøya. Og aninga frå #3 fortset: han klarer ikkje å holde stilen.

Mitt hovudproblem, med denne og den førre, er at den nære nerven frå dei to første bøkene - kjensla av å kome inn i hovudet på forfattaren - tapast til fordel for ein meir konvensjonell oppvekstroman-forteljarmåte. Det er lenge sidan eg las Saabye-Christensen, så eg skal ikkje påstå dette for hardt, men hans nostalgiske oppvekst-forteljarstemme er det som kjem meg først i minne. Og for min del er ikkje det ein positiv assosiasjon.

Også saknar eg dei overraskande innsiktene og refleksjonane frå dei to første bøkene, som opna nye rom, ny tolking av erfaringane, og som gjorde den sentimentale sjølviscenesetjinga til ein konstruktiv prosess.

#4 handlar om Knausgård si gymnastid samt eit år i Lofoten etter gymnaset, der han jobba som grunnskulelærar. Boka har eit sterkt vitnebyr, nemlig korleis far og son dyrkar alkoholen for å takle sine sosiale problem. Beskrivinga av korleis faren forsvinn inn i alkoholismen er sår, og ein får her sjå den fortvilte sida som faren ikkje har klart å takle på anna måte enn gjennom strengheit. For sonen er alkoholen ein måte å takle det sosiale; ein måte å flyte gjennom dei vanskelige seine tenåra. Dette er eit glimrande og trist vitne til norsk ungdomsfyll i all si destruktive alko-dyrking.

Eg kjem nok til å lese dei to siste bøkene også, men synd å seie er dette mykje på grunn av at det er synd å slutte i ein serie som likevel tar så rask tid å lese.

Qest

fredag, juli 09, 2010

Filosofisk brannfakkel

For every conscious thought and every enquiry, there is a dark precursor that points out the path for the following thought. This is often the presuppositions, raising our temperament, or locking the thoughts into certain tracks – unavoidable, but nevertheless also possible to reflect upon. Such presuppositions can form a first approach to the subject of study. The following studies, followed by a conscious reflection upon the initial approach, can lead to the re-evaluation of the initial approach. We are born, live, and die in the material world. As far as this goes, our existence is materially constituted. What forms the basis for the material world can be a subject of discussion, and will not be discussed further here. Humans are of the material world, and interact with the material world – both the human and the non-human. Although these interactions are of various characteristics, one cannot state that one is privileged as compared to the other. Experiences of the human and the non-human, although different, have in common a factor of objectification; to gain knowledge about something that is not oneself. If humans did not have this capability, chances are that a sable tooth-tiger would put an end to human history even before we got going. Humans interact with the world in a myriad of ways. The western natural sciences are a set of traditions that has the material world as subject of study.

søndag, juni 27, 2010

FEBS Gøteborg


Frå det eine til det andre: eg er no i Gøteborg på molekylærbiologi-konferanse. Og morsomt er det. Og fint


er det i Gøteborg gitt!

Her er eit bilete av noko av det meir trendy innan molekylærbiologien for tida: nettverksanalyser. Eller hårballar, som nokre likar å kalle det.


- Posted using BlogPress from my iPhone

onsdag, juni 16, 2010

Oljeutvinning og risikovurdering.

I mexicogulfen skjer det som kan bli (om det ikkje allereie er) den største oljesølkatastrofa vi har sett. Obama har klar på at BP skal ta det fulle ansvaret for katastrofa. Men er dette riktig?

Risikoen for slike katastrofer er ikkje stor, men det er alltid ein sjangse for at det kan skje. Ein kan både bereikne kor stor sannsyn det er for at ei ulykke kan skje, og ein kan ta førehaldsreglar for å gjere sannsynet mindre. Ein kan også ha beredskapsplanar for å stoppe ei utløyst ulukke. Men den einaste garantien for at det ikkje skal skje i det heile er at ein ikkje utvinn olje.

Det vil seie at når ein gjennom politiske vedtak opnar for oljeutvinning i eit område, aksepterer ein også risikoen for at ei katastrofe kan skje. Dette er eit politisk vedtak, og ein politisk ansvar. Og dette ansvaret må politiske beslutningstakarar vere seg medvite.

Spørsmålet er då om norske politikarar vil seie at somme område er så viktige at vi ikkje har råd til å risikere dei gjennom å opne for oljeutvinning? For eksempel gyteområda i Lofoten og Vesterålen.

25.06. 2010: God sak i Dag og Tid om den store nestenulukka på norsk sokkel i 2004.

søndag, juni 13, 2010

Disputas

Det nermar seg.
Og godt skal det bli å bli ferdig så ein kan kome tilbake til det som virkelig er gøy, nemlig å forske.

Alle nysgjerrige er sjølvsagt hjertelig velkomne på både prøveforelesning og disputas!

Prøveforelesning: 25. juni kl. 09.15. Auditorium 1, Bygg for biologiske basalfag, Haukeland universitetssjukehus.
Emne: Accumulation and clearance of aggregation-protein proteins linked to disease.

Basisen for mange nervesjukdomar som alzheimer's og parkinson's er liknande mekanismer: opphopingar av protein i og kring nervecellene gjer at nervecellene døyr. Kvifor skjer desse opphopingane, korleis beskyttar kroppen seg mot dei, og korleis kan ein angripe dei medisinsk.

Disputas: 25. juni kl. 11.30. Bygg for biologiske basalfag, Haukeland universitetssjukehus.
Tittel på avhandling: The human protein N-alpha-acetyltransferase complexes hNatA, hNatB, and hNatC. Identification and functional characterization.

Vi har identifisert og beskrive tre proteinkompleks som utfører ein svært vanlig kjemisk reaksjon i menneskeceller. Funksjonen til denne reaksjonen er faktisk ukjent, men utan desse proteinkompleksa veks ikkje cellene som dei skal, og dei kan også gjennomføre det ein kallar "kontrollert sjølvmord". Dette kan vere interessant både for kreftutvikling og for nervesjukdomar.

søndag, juni 06, 2010

Tverrfagligskap

Kva med litt bileteblog i blogslappe teknologitider?


- Posted using BlogPress from my iPhone