søndag, januar 03, 2010

Ureduserbar kompleksitet

Darwin-jubileet, som nett er over, har vist at det framleis er liv i den gamle debatten om arv og miljø. Her i landet har den, som Holbergprisvinnar Ian Hacking oppsummerte ei tidligare utgåve ar Morgenbladet, til dels vore prega av gamle skiljeliner. Det er kanskje særlig biologane som har vore på offensiven.


Sjølv er eg molekylærbiolog. Molekylærbiologien studerar kort sagt dei grunnleggjande byggesteinane i levande celler: DNA, protein og feittsyar. Molekylærbiologien har vorte sett på som ei svært reduksjonistisk grein av biologien. Den har blomstra i dei om lag 65 åra sidan DNA vart funne å bære av genetisk informasjon. Vidare utover 1950- og 1960-talet kartla ein mange av dei grunnleggjande bestanddelande i celler. Dette arbeidet var, og er framleis, prega av analytisk tenking: ein deler opp, og kartlegg byggesteinane. 1970-talet sine debattar om egoistiske genar og liknande må sjåast i lys av den omveltinga molekylærbiologien førte til utover 1960-talet.


Dei siste åra har omgrepet systembiologi dukka opp i molekylærbiologiske miljø. Ambisjonen bak systembiologien er følgjande: vi har klart å beskrive livet sine byggesteinar. No er det på tide å sjå korleis dei verkar saman. Trendomgrep som systembiologi representerar sjeldan så mykje nytt som dei lovar, og oftare har dei som hensikt å selje forskingsprosjekt til politiske beslutningstakarar. Men målsetjinga bak systembiologien står likevel i kontrast til oppfattinga av den reduserande biologien. Problemet er at det i biologien slett ikkje er enkelt å legge saman 1+1.


Eit døme kan illustrere problemet. Om ein tenker seg tre rette liner. Så kan ein sjå føre seg at desse linene vert sett saman til ein trekant. Ein har då sett saman dei tre linene og fått ein kvalitativt ulik struktur, nemlig trekanten. Trekanten ligg i organiseringa av linene, og den kan difor ikkje reduserast til tre liner utan å opphøyre å vere ein trekant. Derimot kan vi analysere trekanten, og finne ut at for å bygge trekanten må vi ha nett tre liner, og ikkje til dømes tre bogar. Men når vi skal setje tilbake linene utan å ha auga på heilskapen, så kan ein fort oppdage at det er mange måtar å setje saman tre liner på. Det er stor ulikskap mellom analyse og reduksjonisme.



Sjølv dei enklaste biologiske mekanismar svært mykje meir kompliserte enn ein trekant. Vidare er biologien sett saman i ulike nivå av organisering, frå genar til celler til organ til organismar. Og vidare til korleis organismen samhandlar med verden ikring seg.


Behovet for reine kategoriar er eit kjenneteikn ved vår vestlige kultur. Det hevdar sosialantropologen Bruno Latour i si bok ”Vi har aldri vert moderne”, på norsk i 1996. Den store kløfta mellom på den eine sida sosialkonstruktivismen, og på den andre sida somme typar biologisme, var eit eksempel på dette. I desse retningane reindyrka dei to sidene sine respektive løysingar som dei einaste rette.


Røynda, seier Latour, ligg i blandingsformene, hybridane. Hybridar er fenomen som ikkje kan reduserast til noko sosialt eller noko materielt. Desse hybridane finnast over alt ikring oss. Ein TV er bygd opp av sine respektive materiale, men den er ikkje ein TV utan at vi hadde skapt den med det formålet å vere eit medie. Likeeins vil få bestride at anoreksi er ein alvorlig sjukdom, men den har også ein klar sosialt utløysande faktor.


Problemet ligg i å akseptere blandingsformer som likeverdige, og ikkje rive linene i trekanten frå kvarandre med det same. Ein kan studere komplekse sosiale fenomen biologisk. Evolusjonen har hatt sitt å seie også i korleis vi lever saman. Og ein kan studere biologiske funksjonar sosialt. Medisinen er full av dømer på samspel mellom kropp og samfunn. Kanskje kan ein byrje med å seie høgt for seg sjølv ”sosialt konstruert biologisk kjønn” ein gong eller ti, og kjenne korleis det smakar.

torsdag, desember 31, 2009

The best of 2009

Kåringar er populært og på årets siste dag sel vi oss til tabloidformatet og gir dykk det beste frå 2009!

Årets
- beste skjønnlitterære bok: Karl Ove Knausgård - Min kamp 2
- beste ikkje-skjønnlitterære verk: Michael Polanyi - The stability of beliefs
- beste album: Ihsahn - AngeL
- beste vitskaplige artikkel: Qun-Ye Zahng et al. A systems biology understanding of the synergistic effects of arsenik sulfide and Imatinib in BCR/ABL-associated leukemia (PNAS).
- beste på skjermen: The Wire 1-5
- beste på scena: Erykah Badu i New Orleans, i hard konkurranse med Audiatur i Bergen.
- beste i naturen: Buldring på Matre
- beste reisemål: Paris i Juni
- beste foredrag: J. Craig Venter på Norsk Biokjemisk Selskap sitt vintermøte på Røros.
- beste avis: Dagens Næringsliv, sjølv om eg ikkje les den ofte
- årets verste, og mest sjølvrettferdige, avis: Dagbladet
- årets mest pompøse på egne vegne: Asle Toje, med Aslak Nore tett i hælane
- dårligaste debatt: kulturkamp-debatten, inkludert Darwin-debatten
- mest arrogante politiske parti: Det norske arbeidarparti
- mest tannlause politiske parti: SV
- mest nedlatande politiske parti: FrP
- beste kjøp: telemarksski
- mest imponerande: Sogn og Fjordane sin eigen Diderot - Ottar Starheim
- avskjed med mest integritet: Lars Sponheim
- kosteligaste utgivelse, med påfølgande forvirra debatt: Åslaug Haga - De innerste sirkler
- beste bryggeri: den nøgne ø
- beste blog: Bjørnedetektivens blog
- beste måltid: på Colonialen i Bergen
- bok eg ikkje forstod ståheien med: Tomas Espedal - Gå, eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv

Såh. Då skulle vi la oss plassere trygt i det sosiologiske smakslandskapet.

GODT NYTT ÅR!

onsdag, desember 30, 2009

Knausgårds kamp 3


I Min kamp 3 rekonstruerer Knausgård barndomen. Det lukkast ikkje heilt, delvis på grunn av prosjektet sjølv.

Min kamp 3 er forteljinga om Knausgård sin barndom fram til konfirmasjonsalder. Det vert no verkelig klart at binda i Min kamp er ulike i stil - bind 3 er ført i forma til den nostalgiske barndoms-romanen. Utan at eg skal legge for mykje vekt på det, går assosiasjonen somme tider til LS. Christensen sine nostalgiske barndoms-romanar.

Men bind 3 er også det svakaste av binda til no. Dette er fordi Knausgård her misser intensiteten i nærleiken til hovudpersonen, som gav dei to første binda ei spesiell styrke. Det vert tydelig at synspunktet er 40 år gamle Knausgård som rekonstruerer 8 år gamle Knausgård. Det er den vaksne Knausgård sine assosiasjonar og metaforar som pregar refleksjonane.

Dette bindet har også meir preg av litterær rekonstruksjon enn dei to første. Det vert ein svakskap i denne samanhengen tykkjer eg, då det bryt illusjonen av autensitet som dei to første bygde opp: der eg nesten kjende at eg var i Knausgård sitt liv i bind 2, er det no heilt klart føre meg at her ligg det ein litterær konstruksjon. Veggen av autensitet sprekk.

Når det er sagt betyr ikkje dette at bindet ikkje var verdt å lese. Men det var verdt å lese som ei fortsetjing av 1 og 2 meir enn eit sjølvstendig verk. Så langt i prosjektet har spenninga meir og meir byrja knytte seg til dei komande binda, og til den varsla slutten som etter sigende ikkje er ferdigskrive.

torsdag, november 19, 2009

Knausgårds kamp 1-2

I går vart eg ferdig med bind 2 av Karl Ove Knausgårds "Min kamp". I dag fekk Knausgård Brageprisen i skjønnlitteratur for vaksne for "Min kamp bind 1". Om det var fortent eller ikkje veit eg ikkje då eg ikkje har lest dei andre nominerte.

Det som er sikkert er at Min Kamp er eit svært originalt verk, både i skrivestil og i beskriving av tema. Vel og merke så vidt som eg kan sjå frå mi avgrensa erfaring.

"Min kamp" er vel eit av dei mest omtalte verka i haust. Når eg likevel vil skrive litt om det sjølv, er det fordi det har gjort eit stort inntrykk på meg. Opplevinga av å kome så nært inn på ein annan person gjennom ein tekst er ikkje anna enn realismen si tilbakekomst, lurt inn gjennom det indre auget. Er det mogleg å fullstendig realistisk oppleve det ein annan person opplever ved å lese det i ein tekst? Nei. Det er det sjølvsagt ikkje. Men er det mogleg å gi ei kjensle av det ved å beskrive personen sine opplevingar særs omstendelig? Ja, det er faktisk den opplevinga eg har her.

Så er spørsmålet: vert det god litteratur av å skrive 5 sider om dagen, slik Knausgård har gjort under arbeidet med denne romanen? Tempoet viser att, serlig i 2. bind er det fleire mindre gjennomarbeida passasjer, der det er tettare mellom flosklane enn i 1. bind. Også er det jo slik at innleving ikkje er garanti for kvalitet - monge gongar har eg liksom vakna opp etter ein berusande lesaroppleving, og sett at det var dramaturgien som fanga meg, og svakheitene dukka ikkje opp før boka var sett i hylla att. Og det er ikkje sikkert "Min kamp" vekker allmenn identifikasjon, om ein kan snakke om slikt. Det kan vere for spesielt interesserte. Sjølv om dagens Bragepris talar mot dette.

Det som peikar på "Min kamp" som stor litteratur, er dei originale og gode refleksjonane i den originale forma. Med ei svært god språkdrakt, tross alt, om enn smurt litt tynt somme stader.

For min del er dette den beste norske litteratur-opplevinga på svært lenge.

- Quest

fredag, november 06, 2009

Knausgård/Proust

Ei bok som knapt nok liknar nokon andre, seier Trygve Riiser Gundersen i Dagbladet om det som ligg an til å bli eit norsk litterært storverk: Knausgårds "Min kamp".

Personlig og risikabelt. Fiksjon med løfte om ikkje-fiksjon. Utleverar sine medmenneske.

Knausgård har i forbindelse med prosjektet gitt uttrykk for si begeistring for Marcel Proust' "På sporet av den tapte tid", eit verk på omtrent like mange sider som "Min kamp", og minst like sjølvutleverande.

Stilistisk er dei to svært ulike, men prosjektet har også store likskapar: ambisjonen om å beskrive sitt eige liv, inkludert dei mest private detaljar. Behovet for å trenge stor plass til nett dette, for å få med alle dei sidene og fasettane som eit liv består av. Ein type samtaleterapi i bokform, med usikker terapeutisk gevinst.

Proust sitt verk vart ein stor suksess i si samtid. Dette kosta han dyrt: dei dårlig tilslørte, og ikkje alltid like flatterande personskildringane støytte han ut av det gode selskap. Ettertida har vist at det var verdt risikoen.

Audiatur festival for ny poesi

Eg skal ikkje skryte på meg å ha vore på mange litterære arrangement. Kanskje var det difor eg vart så positivt overraska på Landmark i går. Og å betale 190 kr for festivalpass, og få ein 600-siders katalog på kjøpet er jo som å få betalt for å gå på festival!

Dette var jammen kjekt, og med video-application på iPhonen fekk eg jammen fanga nokre gullkorn på tape også!




Jan Erik Vold





John Giorno


tirsdag, november 03, 2009

Claude Lévi-Straus 1908-2009

Vi noterer oss at den franske antropologen Claude Lévi-Strauss har lagt inn årene, etter imponerande 100 år.

Her i redaksjonen vil han hugsast sjølvsagt for strukturalismen, som han er så kjent for: at menneskelige kulturar er bygde opp av sosiale strukturar som ligg til grunn for korleis ein lever sitt liv innanfor samfunnet ein lever i. Like mykje var Lévi-Strauss med på å bygge ned tanken om den vestlige kulturen si fullstendige overlegenheit ved å vise korleis ulike kulturar, inkludert vår eigen, er organisert etter sine eigne logikkar.

søndag, oktober 25, 2009

Tid og termodynamikk

Er ikkje den lineære tida berre funksjon av termodynamikken si 2. lov?

I så fall har vi ein eigen sans for å ta inn denne lova: tids-sansen.

lørdag, oktober 24, 2009

Den romlige organiseringa av kultur i sinnet

Om ein går ut ifrå at informasjon vert lagra i hjernen, må dette skje med det hjernen har til rådigheit, nemlig celler, protein, elektronar med meir; altså ganske alminnelige materielle ingrediensar. Ingen ånd eller eter, kva no enn det skulle vere. Vi føreset vidare at når nokon for eksempel lærer noko, når ei skuleklasse mottar den same informasjonen frå læraren, og alle (for eksempelets skuld) lærer dette permanent, så må det skje ei endring i hjernen frå før til etter læringa. Det er ei forandring i kva personane har av informasjon i hjernen. Dette trur ein i forskinga i dag vert gjort gjennom å endre nervebanane, at nye forbindingar oppstår, andre vert brotne, og at somme celler vert meir aktive enn andre: hjerna endrar struktur.

Er denne strukturendringa samanliknbar i ulike personar? Korleis ser strukturen til "grunnlova vart laga på Eidsvoll i 1814" ut. Noko likskap må der vere, for personane kan både lære dette frå den som gir informasjonen, og snakke med kvarandre om det etterpå.

Og eit spørsmål til:
Sjimpansen, som er svært lik mennesket i eitt og alt, eller for den del mennesket sine førfedre som ikkje kunne lære på denne måten, men som var til forveksling like: kva var ulikt i deira hjerner? Dei hadde også hjerneceller som er til forveksling like våre. Kva var det springande punkt som gjorde desse cellene i stand til å lagre informasjon på denne, i dyreriket, heilt unike måten?

Møtet som fundamentalt.


Det vi opplever som vår verd, vår livsverd, grensene til denne bestemmast av kva vi kan møte. Dette set grensene for kva vi opplever, og kva vi kan oppleve. Vi er av atom, molekyl, og kan møte andre atom/molekyl: vi opplever materielle ting. Augene våre kan møte foton: vi kan sjå. For 150 år sidan hadde vi ingen måte å møte radiobølgjer på, og dei eksisterte ikkje for oss. Men gjennom å finne ein måte å møte radiobølgjer på, via ledd, til noko vi kan møte direkte, kan vi gjere radiobølgjer til ein del av vår livsverd.

Dei enorme mengdene svart materie i universet - har vi berre ikkje funne den rette innfallsvinkelen? Forresten kan vil jo aldri vete kva vi enda ikkje har møtt.

At møtet er fundamentalt for liv er lett å vise: eit kvart system eller ei kvar organisering er møter.

Så er det jo også fullt mogleg at det finnast det som fullstendig ikkje overlappar med vår potensielle livs-verden, med den delen av kosmos vi har potensiale til å forholde oss til. Men det kan vi ikkje seie noko om.