----
Eksperimentell molekylær medisin har dei siste
60 åra vakse til å bli ei stor grein innan dei medisinske vitskapane.
Kunnskapen frå den eksperimentelle molekylære medisinen har forma vår forståing
av liv og av sjukdom.
I denne studien har eg stilt spørsmålet om
korleis eksperimentell molekylær biologi som vitskap produserar kunnskap. Eg
har freista å gi ei forståing av eksperimentell molekylær medisin som
integrerer sosiale, teknologiske og materielle faktorar.
Det andre spørsmålet eg har stilt i denne oppgåva
er om ein filosofisk refleksjon over kunnskapsproduksjonen kan føre til ein
vitskaplig sjølvrefleksjon, kritikk, og endring av kunnskapsproduksjonen. Eg
føreslår at molekylær medisin kan endrast ved å legge meir vekt på å forstå
korleis molekylærbiologiske fenomen fungerar i ein biologisk og medisinsk
kontekst.