Av ukjent grunn starta vi i
Ulsteinvik. Ulsteinvik er ein plass i vekst, med fleire
rulletrapper og kjøpesenter. Av andre ting kan ein også nevne eit flunkande nytt kulturhus, og ei planlagd miljøgate. Av ting Ulsteinvik ikkje har, kan ein nevne byplanleggjing og effektiv trafikk-handtering. Men dette var ikkje det vi skulle snakke om no, for no køyrer vi gjennom rundkøyringa, på veg mot eventyr i Herøy. Mitt reisefølge, ei jente frå byna, som faktisk er turist på desse kanter, ser imponert ut når eg seier at om ein køyrer fort nok, så kan ein faktisk hoppe på toppen av Dragsundbrua, som bind saman Herøy og Ulstein. Desse kommunene er kanskje dei einaste i landet ein kan hoppe mellom med bil. Dette siste skal eg ikkje hevde for sikkert, men tanken er der. Ein køyrer så vidare rett vest, gjennom Tjørvågane, før ein tek nordover, over Nautøya, og over
Herøybrua. Den vart opna av Kong Olav V i 1976, og nyttast i dag for eksempel som utgangspunkt for pendelhopp, og til å frakte elevar til yrkesskulen i Fosnavåg. To gongar i døgnet går hurtigruta under Herøybrua (Sjå bilete).
Etter å ha passert Hærøybrua, med flott utsikt til Ulsteinvik - kransa av små øyar, sørvendt i bakkehellet, med lyserosa melis på fjelltoppane, svinga vi mot leinøya. Her er det pengar i omløp, det er lett å sjå: dei har julenek på lyktestolpane!
Vi kom no til det eg vil seie er første turistattraksjon på denne ruta, nemlig
Remøybrua. Når ein kjem køyrande utover Leinøya, og så ser ein rett nordover mot Flø og øyane vidare nordover. Brua sjølv går over eit grunt sund (Nørde Vaulen), der fjøresteinane går over i flate, lysebune markar, og hus som ser ut til å stå her meir på pietistisk trass enn noko anna. Slik er i det heile busetnadsmønsteret langs desse strendene uttrykk for eit anna samfunn enn det ein har i dag. Mitt reisefølge uttrykkjer vantru, og lurer på om folk ikkje kan flytte litt nærare kvarandre? Eg seier at det ikkje er fullt så enkelt, men eg må erkjenne at distriktspolitikken har sett sterke spor på Remøya. Vi vert einige om at ho skal jekke uttalingane sine om distriktspolitikk litt ned.
Neste turistattraksjon er
Runde. Runde er faktisk ein
turistatraksjon, men ein finn likevel skjulte perler, særlig på ein klar januar-føremiddag.
Rundebrua tek deg over det berykta Rundasundet, som med sine glefsande grunner og skjær har raspa med seg mange båtar ned i bårene.
Vidare køyrer ein forbi nakne jorder, forbi ein kyrkjegard som nok har vore velbrukt i si tid, til Runde hamn. På nordsida av øya ligg Goksøyr (bilete), ei lita bygd vend mot havet. Det er lite vegetasjon her, og lysebrune grasbakkar vekslar med granittgrå, mørke og tagga klipper. Ute i havet ser ein grunner og skjær som piskar i havbårene, og som har senka gamle seilskip fulle av gullmyntar, spanjolar og anna som har gitt øya og befolkninga eit anstrøk av eventyr. Runde er ikkje heilt som andre plassar, tenkjer eg. Eg tenkjer på fiskarkåna som gifta seg 4 gonger ettersom mennene ikkje kom att frå hava. Eg må senke farta på bilen, for det er så vakkert her. "Eg kunne heller tenke meg å bu her enn i Ulsteinvik" seier eg til følget. "Nja.." seier ho skeptisk. Det var visst litt for øyde for hennar smak.
Vi køyrer tilbake same veg, forbi bedehus og fuglenek, og svingar til høgre, utover mot Fosnavåg. Her ser vi mellom anna statuen av fiskarkona, som danna bakteppe då
Trude Teige rapporterte frå forliset av
Bourbon Dolphin i fjord vinter. Herøy er den største fiskerikommuna i landet, og det seiast at ein her har størst andel av millionærar per folketal i Noreg. Følgjelig skal det ligge ein slags holmenkollås i Fosnavåg, men denne fekk eg ikkje auge på. Ellers lurte vi på om vi skulle gå inn i ein butikk for å sjå på øl. Sidan ein i Ulstein kommune ikkje har ølsal i butikkane, er dette ein ikkje så reint liten atraksjon, som visst nok har ført til ein lokal variant av svenskehandelen på Ytre Søre.
Vi vende nasa sørover, tilbake over Herøybrua, og rett vest forbi Moltustranda (her gikk vi inn i eit landskap der eg aldri har vore før - eg og gjesten stilte slik meir på likefot, sjølv om eg meinte meg meir kjend med kulturen) til
Gjerdsvika. Gjerdsvika ligg rett ut mot havet, og med ryggen mot ein fjellformasjon som gjer at vind frå vest går forbi bygda, snur i dalbotnen, og kjem med forsterka kraft tilbake mot bebyggelsen. Dette førte til at bygda kom i media sitt søkelys etter nyttårsorkanen i 1991. Eg har høyrt rykte om at husveggane i bygda er forsterka på austsida, og at dette er eit festlig syn. Då eg ikkje såg nokon slike forsterka husveggar, vart eg skuffa, og truga med å gi bygda terningkast 2. Men eg ser no at Gjerdsvika er ein fin plass. Her stoppa vi på lokalbutikken for å sjå om vi kunne ta oss ein kaffikopp. Det var ikkje mogleg, men vi såg at
a) biblioteket reklamerte for boka "Rosa Prosa",
b) dei ikkje hadde kaffimaskin, noko som kanskje peika i retning av at påverknaden frå byen ikkje har nådd kaffimaskin-stadiet enda, men
c) at dette ikkje var ein butikk som hadde "alt" slik ein del bygdebutikkar framleis har.
Vi konkluderar med at Gjerdsvika har røyst seg etter orkanen, og at den no befinn seg i ei skjæringstid.
Etter Gjerdsvika var kaffilysta vekt, og at magen ville ha noko å tyggje på. Sola var i ferd med å gå ned, men eg beslutta at vi skulle legge vegen om
Larsnes, kommunesenter i
Sande Kommune. Sande Kommune har vore plaga med fråflytting, og ein har freista med både sjekkekurs for ungkarar og gunstige tomteprisar (gratis). Likevel har Vikekroa overlevd. Her kjøpte vi oss svele og kaffi (frå automat). Frå bordet kunne vi sjå ut på fergekaia, der ferga til Voksøya og Sansøya går. Der har eg ikkje vore før; eit potensielt mål for neste tur. Eg spurte byjenta om ho var nøgd. Ho pirka vekk litt smørkrem frå svela, og sa at ho likte best dei med brunost på, men at ellers hadde turen vore veldig fin. Dessutan hadde ho gjort eit kupp på Vike-kroa: her kosta APS-filmane 10 kroner per stykk. Dette var tydeligvis forelda teknologi heromkring, og vi tippa at dei kosta meir i Gjerdsvika, som enda var i ei skjæringstid. Ellers såg vi at mellom ei mengd med bilblad stira ein skjeggete Cleve-Brock på oss frå framsida av ELLE-mann.
Dette vart vendepunktet for denne turen. På veg tilbake til Ulsteinvik såg vi Sunmørsalpane i dusraudt sollys, medan skitengrått veistøv la seg på ruta, og Kari Sørbø kuttar opp ein statssekretær med si kvasse sunnmørsstemme. "Er du utsliten av inntrykk?" spurte eg reisefølget. "Nei, ikkje akkurat" sa ho; "Men eg kan strekke meg til å vere litt matt."